
På Hellesylt har Ragnhild Ljøen teke vare på mange vevde ryer og åklede som mor hennar kjøpte på auksjonar rundt om. No har ho gjeve vekk alle til Storfjordens Venner.
-Mor mi sa ho gjerne kunne tenkt seg å vere brukthandlar, fortel Raghild Ljøen. Alfrid var nesten lidenskapeleg oppteken av å besøke auksjonar rundt om og der vart det ofte ein handel.
Slik kom fleire vevde putetrekk, ryer og andre klede som store, varme båtryer i hus, dei fleste fargerike plagg. Dette var ting som vart brukt for å ha det varmt og godt, om det var heime i stova eller på tur i ein robåt.
-Å ha ei båtrye var like godt som ei god mjølkeku, fortel Ragnhild at det vart sagt.
No bestemte ho seg for å gje vekk alle desse ryene til Storfjordens Venner slik at organisasjonen kunne vise dei fram på fjord og fjellgardar rundt om.
Nyleg var leiar i organisasjonen, Inge Bjørdal opp om byggefeltet i Solvegen på Hellesylt og tok i mot gåva. Han skulle til Ytste Skotet dagen etter så dit hamna truleg gåva.
-Dette var ei serdeles verdfull gåve å få, eg er berre litt forundra over at ho vil gje vekk alt, sa Bjørdal.
Men gjevaren som har eit langt liv bak seg som kunst -og handtverkslærar var ikkje i tvil. Ho var glad for at det blir plassert på ein stad der det høver og blir teke vare på.
-I våre moderande liv har vi ikkje bruk for slike plagg til dagleg, meinte ho.