Håper på fleire cruisebåtanløp til Hellesylt
Det var stor skuffelse på Hellesylt etter at cruisebåten IONA igjen kansellerte anløpet onsdag 20. juli. Det var fjerde kansellering på rad så langt, fekk vi oss fortalt.
Ramazan Øcal og Helge Kvam Karbø driv kvar sine verksemder der dei tilbyr varer og teneste for opplevingar på Hellesylt og i Sunnylven. Dei har satsa stort på både cruiseturistar og andre som gjestar området, og har fått gode tilbakemeldingar på det dei tilbyr.
-Dei meldingar vi får tilbake på tilboda vi tilbyr er berre svært positive, alle roser uhemma området, naturen og det vi har av naturopplevingar og aktivitetar. Vi har satsa stort, fleire hundre tusen kroner og hadde håpa at dei store cruiseskipa med tusenvis av turistar skulle kome slik som forventa, minst ein båt, men gjerne to, tre i veka.
Slik det er no kjem det cruisebåtar til Hellesylt, men berre for å setje passasjerar i land for ein rundtur i buss. Andre kjem i bussar til Hellesylt frå Nordfjord for å halde fram turen til Geiranger, eller ta ein sykkeltur mot Flofjellet på medbrakte syklar. Dette blir ikkje mykje pengar i kassa av for lokale reiselivsbedrifter, seier dei to.
Ramazan Øcal driv Sal og Utleiebuda, sal av klær, lokale matprodukt og anna souvenir. I tillegg har han kjøpt 15 små elektriske bilar til utleige. Desse er i bruk dei dagar gata på Hellesylt er full av cruiseturistar, men under praten vår onsdag stod alle godt parkert. Han er bekymra, kanskje må han slutte av heile konseptet, seier han.
Helge Kvam Karbø driv Fjord Nature, eit opplevingsselskap med aktivitetar heile året. Om sommaren går det mykje på sykkel -og kajakkutleige.
-Eg har folk tilsett, men det er vanskeleg å få fart i omsetninga. Eg har faktisk opplevd at cruiseturistar som har leigd kajakkar privat av oss for å padle har blitt nekta av cruisebåten å gå i land på Hellesylt. Dei kunne ikkje ta ferja til Geiranger der cruisebåten låg resten av dagen.
No blir vi skuffa stadig vekk når meldingane tikkar inn om kansellert anløp til Hellesylt, seier dei to Ramazan Øcal og Helge Kvam Karbø.
Slik får vi oss fortalt utviklinga for Hellesylt som cruisehamn på indre Sunnmøre. Med å få tømt ut litt av frustrasjonen til hellesylt.info sin utsende håpa dei at nokon les og forstår at slik kan ikkje reiselivet på Hellesylt byggjast ut og overleve. Nokon må ta tak og styre utviklinga slik at fleire får av «kaka», meinar dei to.