Lokalnytt

Hellesyltløpet går i ny trasé

På grunn av nydyrking og jordbruksdrift må arrangøren legge om løypetraséen for Hellesyltløpet i år. Det blir nermast eit gateløp, frå stadion og inn i Hellesylt sentrum og tilbake.

Det blir ny løypetrasé for det lange Hellesyltløpet laurdag 9. juli, fortel leiar i friidrett/trimgruppa i Sunnylven IL, Per Svein Hole.
-På eit par plassar over lengre strekning i den gamle traséen for Hellesyltløpet er det i år nydyrking der avlinga ikkje er klar til hausting enno. Difor har vi merka ein anna trasé for løpet i år.
Den lengste løypa blir kortare enn vanleg og går mot og gjennom Hellesylt sentrum, over Hellesylt bro, opp «Kloppene» langs Hellesyltfossen til Høge bru og retur ned etter den gamle vegen forbi Sunnylven kyrkje til Gatå, inn gamle Teigavegen og tilbake til mål på stadion.
Sjå løypekart som viser traséen, eit løp som denne gongen blir 3348 meter med høgdeskilnad 38 meter.
Den korte løypa for jenter og gutar på ca. 1600 meter blir det ingen endring.

Løpet i år går mest på asfalt, og vi trur løypetraséen blir utfordrande både på fart og kondisjon for løparane så den beste vil vinne, seier Hole.

Det blir fire klasser som vanleg, den kortaste for jenter og gutar til og med 16 år, og den lengste for damer og menn.

Start og mål er på Hellesylt stadion og påmelding kan gjerast melom klokka 13.00 og 14.00 laurdag 9. juli. Merk at starten går klokka 14.45, dette på grunn av trafikk til og frå ferja.

Den nye løypa har ei kraftig stigning midt i løpet, frå sentrum til Høge bru.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380