Lokalnytt

Hundre på konsert med Cristian Roger Beharie

Beharie på scena i hagen ved Peer Gynt- senteret

Sju timar køyrde Cristian Roger Beharie bil for å kome til Kulturdagar på Hellesylt med konsert torsdag kveld. Der venta eit publikum på meir enn hundre på den energirike artisten.

Eg heiter Christian Roger Beharie, men de kan kalle meg berre Beharie, sa vinnaren av Spelemannpris 2022 og artisten frå Sandnes då han helsa eit jublande publikum frå scena i hagen ved Peer Gynt-senteret tordag kveld.
Han hadde hatt ein lang, men fin tur frå Oslo i bil same dag , men det var vert å ta turen. Då han kom mot Stryn og såg dei flotte fjella fekk han gåsehud, sa han. Det var ei magisk oppleving.

Ein magisk time vart det også for mange mellom publikum då Baharie slo an tonen på gitar og den spesielle songrøysta tona ut. Dei fleste låtane har Spelemannprisvinnaren skrive sjølv og vart formidla med ei stemmeprakt full av energi.
Baharie prata ikkje vekk den vesle timen konserten varte, det gjekk frå den eine låten direkte til neste med engelsk tekst. Det krev mykje energi å levere låt etter låt samanhangande i 45 minutt utan pratepausar, trur vi.
Då takka Cristian Roger Beharie for seg, men publikum ville høyre meir, dei tykte tydeleg vis at konserten var i kortaste laget. Dei lika det dei fekk høyre og ståande applaus enda med tre ekstra låtar.

Då var siste arrangement under Kulturdagar på Hellesylt med Geiranger Bakeri som arrangør over i 2022.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380