Lokalnytt

Hydrogenproduksjon kan gje snøfritt Hellesylt stadion

Project Manager Andreas Wenaas Østigård til venstre og Supply Chain Director Øystein Tørlen frå Norwegian Hydrogen var innom Hellesylt nyleg. Den store steinrøysa i bakgrunnen skal planerast ut til tomt for fabrikk og produksjon av grøn hydrogen.

Ein hydrogenfabrikk på Hellesylt vil gje store mengder overskytande varme til bruk i nærområdet. -Har nokon planer om drivhus på Hellesylt kan vi levere oppvarminga, seier prosjektleiar Andreas Østigård.

Hellesylt.info møtte Andreas Wenaas Østigård og Øystein Tørlen, begge frå Norwegian Hydrogen AS. Dei var på Hellesylt for å sjå på tomta for fabrikken som skal produsere grøn hydrogen frå slutten av 2023.

Steinmasse blir tomt

Den 5.4 dekar store tomta som selskapet har kjøpt av Stranda kommune ligg i Kleivane i området mellom Formvac AS og HT Bygg Hellesylt AS. No er arealet bekledd med ei stor steinrøys etter tunnelbygginga på Ljøvegen, men en del av massen skal brukast til å heve terrenget til tomt for hydrogenfabrikken, fortel prosjektleiar Andreas Østigård.
Den steinmasse som Norwegian Hydrogen ikkje brukar skal flyttast på for vidare lagring ei tid. Massen kan for eksempel brukast i samband med bygging av ny ferjekai når den tid kjem.

Vil lage område sikkert og vakkert

-Hydrogenfabrikken på Hellesylt blir den andre i landet så langt. I Berlevåg i Finnmark er også ein fabrikk og den har blitt nærmast ein turistattraksjon, har hotelleigar fortalt.
På Hellesylt skal vi planere ut tomta slik at terrenget blir ca. 1.5 meter høgare enn vegbana i området. Mot vegen blir oppfyllinga avslutta med ein natursteinsmur, og opp på den ein jordvoll som blir tilplanta.

Pent og sikkert

Vi har landskapsarkitektar som teiknar og planlegg for vi ønskjer å gjere området vakkert, og samtidig gjere det slik kring fabrikken at folk og køyrande skal føle seg heilt trygge når dei ferdast forbi, seier Østigård.
På Hellesylt er det for dårleg vasstrykk for sløkkevatn, så selskapet vil etablere eit eige basseng eller ein vasstank, Det er ikkje noko problem å få til, men litt fordyrande, seier prosjektleiaren.

Grøn Hellesylt stadion heile året

Når fabrikken for grøn hydrogen startar opp vil den gje mykje varmeenergi. Det kan leverast til mange i nærområdet til fabrikken, mellom anna til Hellesylt stadion som under opprusting i 2010  fekk lagt ned fleire kilometer plastrøyr i grunnen. Det kan med andre ord bli ein snø -og isfri fotballstadion på Hellesylt.

Store mengder varme frå produksjonen

Til oppvarming av fotballstadion går det med berre ein prosent av all varme frå fabrikken, så også andre store bygg kan få levert oppvarming, og der er energi til eit symjebasseng på Hellesylt.

Framleis reknar vi med at der er meir varmeenergi så om nokon har planar om å etablere til dømes eit gartneri på Hellesylt er det berre å ta kontakt. Vi kan levere oppvarminga, seier Andreas Østigård.

Folkemøte i september

Norwegian Hydrogen reknar med å starte arbeidet med tomta i haust ein gong, og vere produksjonsklar mot slutten av 2023. Vi vil kalle inn til folkemøte i september for å informere om planane og produksjonen. Ein dronepilot har filma området så vi skal legge inn modell av tomta og anlegget for å vise korleis det heile blir sjåande ut, seier Andreas Østigård til slutt.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380