Lokalnytt

Kjærlighet vart vakkert songtema

Vakker konsertkveld med Kristin Storstein i hagen ved Peer Gynt-senteret.

På ein Sunnmørskveld i femten pluss, lite vind og utan regn stod Kristin Storstein på utescena med konsert under Kulturdagane på Hellesylt. Saman med Gunnar Inge Eide på tangentar vart det ein vakker konsert.

Sunnylven si eiga songstjerne Kristin Storstein har halde eigen konsert før. Det var i ei kyrkje i Vanylven for mange år sidan. Denne gongen var det i heimbygda saman med Gunnar Inge Eide på tangentinstrument. Konserten som truleg ikkje er den siste for sopranen med den vakre stemma hadde temaet «Kjærlighet».

Det var under ein festkveld for Strandaindustrien si historie i Storfjord kulturhus tidleg i sommar at Anders Adolfsson avtala konsert med Kristin og Gunnar Inge under Kulturdagane på Hellesylt, fortalde ho. Då framførte dei mellom anna ein svensk song som vart kommentert med ordet vakkert av ein tidlegare avisredaktør.
Dei to sa sjølvsagt ja til spørsmålet om konsert på Hellesylt, og på laurdag kveld stod dei på utescena i hagen ved Peer Gynt -senteret der Lasse Døving hadde ansvar for lyd og lys.

Det vart i alt sju songar om temaet Kjærlighet, før det kom det to ekstranummer, eit variert repertoar der dei aller fleste hadde norsk tekst.
-Det er litt mi greie å synge på norsk, sa Kristin. Unntaket laurdag var ein Abba-låt, gruppa som Kristin vedgjekk å vere stor fan av.
Andre songar var «Eg ser på deg» oversett av Ola Bremnes, Lisa Nilsson sin «Sei det igjen», ein ny song frå Askepott og fleire.

-Kjærlighet har vi til så mangt, sa Kristin og ramsa opp ting vi set stor pris på, til naturen, landet og ikkje minst familie og venner.
Som ekstra song til alle frammøtte og spesielt til mor si kom «Rør vid mei», ein vakker svensk salme som var eit verdig punktum på ein vakker sommarkonsert. Og vi seier med redaktøren, vakkert, vakkert!

Gunnar Inge Eide hadde stødig tonefølgje på tangentinstrument til Kristin Storstein under konserten laurdag kveld.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380