Kjente artistar til Kulturdagar på Hellesylt i juli
Anders Adolfsson ved Geiranger Bakeri på Hellesylt har jobba fram kulturdagar på Hellesylt med mange store, kjente artistnamn. -Staden og området er ei perle vi må gjere noko for å få gjort kjent og vist fram, seier han.
Hellesylt har mykje å tilby, vi må berre få vist det fram til dei mange som reiser gjennom bygda. Det ser eg som kjempeviktig om vi skal få turistar tilbake både til neste år og åra som kjem.
Det seier Anders Adolfsson ved Geiranger Bakeri / Hægstad Gård og viser fram eit tettskrive ark med artistar og innslag under Kulturdagar på Hellesylt i slutten av juli.
Kulturdagar på Hellesylt blir dagar med store artistar og variert innhald. Det publikum kan få oppleve er i kunstsenteret der Peer Gynt-relieffa av kunstnaren Oddvin Parr er utstilt, men mykje av underhaldninga blir også frå ei scene i hagen like ved.
Den flotte Peer Gynt-utstillinga er alt opa for innsteg, det blir konsertar, fotoutstilling, ølsmaking, konkurranse i kanelbolle-eting, og masse god servering både i restauranten og i hagen ved kunstsenteret, les Adolfsson opp frå det tettskrevne papirarket.
Kulturdagane startar onsdag 20. juli med konsert ein heilt spesiell stad, nemleg på plassen Kurlå like forbi Åsneset. Adolfsson har innhenta løyve til bruk av staden og huset, så der håper han både cruiseturistar og fastbuande møter på minikonsert med song av Kristin Storstein og Gunnar Inge Eide på piano.
Og det er absolutt gode grunnar for å besøke Hellesylt også dei neste dagane.
Torsdag 21. juli blir det konsert i hagen ved Hægstad Gård. Her blir det rigga ei scene der fyrste artist ut er John John Bruseth med både kjente og nye songar, og gode historier.
Etterpå kjem svenske Frida Braxel med band på scena, også kjent frå ei stor scene under Allsang på Grensen, ein go`bit mange bør få med seg, seier Adolfsson.
Neste dag, fredag 22. juli er pianist Aksel Kolstad på plass med sitt show han har kalla «Mozhardt og stereoider», eit timelangt innslag han har hatt suksess med mellom anna i Oslo.
På Laurdag kveld 23. juli blir det konsert med den lokale songartisten Kristin Storstein, ein konsert sett saman kring temaet «kjærlighet». Ved pianoet blir Gunnar Inge Eide.
Og det blir meir vakker song same kveld når Lukasz Klimczak kjem på utescena for å synge opera. Lukasz har sommarjobb i Geiranger, men blir å høyre på Hellesylt denne laurdagen saman med Carolin Eide som har tonefølge på piano.
Torsdag 28. juli kjem siste songartist, låtskrivar Christian Roger Beharie frå Sandnes og vinnar av Spelemannpris 2022.
Konkurransar og fotoutstilling
Som vanleg er kafe og Peer Gynt-galleriet ope dagleg der det i tillegg til god servering av fleire slag blir ølsmaking, diverse konkurransar som å ete flest mogleg kanelbollar i løpet av 20 minutt, og det blir utstilling av fotograf Rune Kleiven med bilder frå dei fleste kommunar på Sunnmøre.
Festivalpass
Anders Adolfsson jobbar også med andre innslag til Dagane og som han håper å kunne presentere etter kvart.
Han oppmodar publikum om å kjøpe seg festivalpass, det vil gjelde for alle arrangement. Det blir sal av festivalpass frå måndag 11. juli.