Kulturdagar med konsert på Kurlå, konkurransar og ølsmaking

Anders Adolfsson veg Geiranger Bakeri / Hægstad Gård har det meste klart til Kulturdagar på Hellesylt frå 20. juli. Programmet går over fleire dagar og byd på opplevingar som er verd å få med seg.
Hellesylt.info kjem tilbake med eit fullstendig Kulturprogram som går over fleire dagar i slutten av juli.
Det opnar med konsert på Kurlå, plassen like ved Åsneset, fotoutstilling, Frida Braxell med band, og meir som blir avslutta i hagen ved Peer Gynt-senteret torsdag 28. juli med artisten Beharie, eller artist og låtskrivar Christian Roger Beharie som vann Spelemannspris i 2022.
Les meir på hellesylt.info om ein dag eller to.