Lokalnytt

Kulturdagar og meir på Hellesylt

På badestranda har HUL laga hengekøyepark, og som viser litt av oppe til høgre på bildet. (Arkivbilde frå aktivitetsdag for elevar ved Sunnylven skule)

På Hellesylt startar Kulturdagane 2022 onsdag 20. juli. Sjå eiga sak.
På badestranda har Hellesylt Ungdomslag tilbod om gratis overnatting i eiga hengekøye, og Gamleskulen Aktivitetsmuseum opnar opp for innsteg til Verdsarvutstilling.

Hengekøyepark

I ei melding frå badehusstyret skriv leiar Asle Ringdal at HUL inviterer til overnatting i hengekøyeparken på badestranda frå tysdag 19. juli til onsdag 20. juli.
Ungdomslaget fyrer opp i dei store grillpannene på badestranda tysdag kveld for grilling av eigen mat. Onsdag morgen blir det gratis frukost til overnattingsgjester.

Når det gjeld toalett må alle nytte seg av anlegget i kaihuset, 50 meter unna.
Vertskapet Hellesylt UL håper på triveleg kveld og god natt i hengekøyeparken på badestranda.

Laurdag 23. juli opnar Gamleskulen Aktivitetsmuseum for innsteg.

Verdsarvutstilling på Gamleskulen

På laurdag 23. juli har Gamleskulen Aktivitetsmuseum på Hellesylt ope for innsteg mellom klokka 15.00 og 17.00. Der kan ein sjå deler av den store bildeutstilling som er laga og sett saman av Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv og Storfjordens Venner.

Også under Hellesyltdagane tidlegare i juli var utstillinga opa og over 150 personar var innom og såg bilda med tekst om livet på dei no fråflytta fjord -og fjellgardane.

Laurdag 23. juli er utstillinga opa mellom klokka 15.00 – 17.00.
Det blir sal av kaffi og kaker.
Sjå: https://www.hellesylt.info/2022/06/utstilling-med-historisk-innhald-pa-gamleskulen/

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380