Lokalnytt

Litt færre «deltakarar» i Andesleppet i år.

Den store traktorskuffa var full av gule plastender også i år.

Dei gule plastendene kom fort ned Hellesyltfossen søndag. Ved oljelensa nedanfor Hellesylt bro plukka betrudde menn opp ender og gevinstar til fleire.

Traktorskuffa til Ottar Frøysa Hellebostad var full av gule plastender også i år. Sjølv om salet hadde gått litt tegt i starten tok det seg godt opp mot slutten og fram like før «sleppet» klokka 16.00.

Å kjøpte lodd på ender angra nok ikkje nokre av kjøparane på. Som vanleg delte arrangøren ut ti premiar frå 1000.- til 10.000.- kroner.

Og spaninga var stor når startskotet small og nær 2000 plastender styrta i fossen frå Høgebrua. Grunna stor vassføring gjekk det ikkje mange sekund før dei fyrste «konkurrentane» kom mot målet og vart plukka opp, den aller fyrste verd 10.000.- kroner. Snart kom resten etter og skulle bli hova opp i plastsekkar til lager for bruk neste år. Då er det nye sjansar for dei som ikkje vann i år.

Her er vinnarane i Andesleppet 2022:
10.000.- kroner
Åshild Tryggestad Bakke

5.000.- kroner
Jakob Solli Frøysa

3.000.- kroner
Torunn Janne Hauge

1000.- kroner (7 stk)
Anna Giske Aasen, Kristina Tarberg, Anne Ringdal Hjelset, Ole Iver Kjellstad, Lillian og Geir Støverstein, Astrid Tronstad Dyrkorn, Mariann Elin Auflem.

Her får vinnaren Åshild Tryggestad Bakke melding over telefon frå Bente om at ho har vunne 10.000.- kroner i Det Store Andesleppet.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380