Notiser

Mange innom bildeutstilling om fjord og fjellgardar

Leiar Arne Ringdal i prat med nokre av dei som besøkte utstillinga laurdag.

Utstillinga av bilde frå fjord og fjellgardar i Gamleskulen på Hellesylt vart besøkt av fleire laurdag. I tillegg til utstilling var der sal av kaffi og svele.

Denne helga er det høve å sjå og lese om gardane og livet til folket som budde på ulike plassar langs Sunnylvsfjorden og Geirangerfjorden.
Gamleskulen aktivitetsmuseum henta for litt sidan noko av bildeutstillinga som Verdsarvstiftina har fått laga om livet på desse gardane, og laurdag var utstillinga opa frå klokka 12.00 og i tre timar.

Mange kom innom, rundt tretti personar besøkte utstillinga den fyrste timen, og fleire kom etter det. Det var hyggeleg med så godt besøk, tykte leiar i styre, Arne Ringdal.

Utstillinga blir opa også søndag 10. juli mellom klokka 13.00 og 16.00

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380