Lokalnytt

Musikals rableri med Aksel Kolstad

Aksel Kolstad, fantastisk pianist og enterteiner.

Fredag kveld var pianist Aksel Kolstad innom Kulturdagane på Hellesylt. I Peer Gynt galleriet vart det ein time med Mozart og steroider-show der publikum mora seg storleg.

Med showet Mozart og steroider har Kolstad fått gode tilbakemeldingar landet rundt, og kvelden under Kulturdagane på Hellesylt vart ikkje eit unntak.

Fredag tok han den lange bilturen til Hellesylt for å underhalde publikum ein kveldstime under Kulturdagane.
I ein fargeglad dress fekk dei frammøtte oppleve eit fyrverkeri av ein enterteiner der moromannen i kvikke bevegelsar og kjappe replikkar fanga merksemda til publikum.

Kolstad imponerande stort på det store svarte pianoet, vi høyrde ein musikar med ferdigheiter og som kunne å traktere sitt instrument. Og når historiene ramla ut på rekke og rad vart galleriet i tillegg til dei klassiske perlene fylt av høglytt gapskratt som gav til tider gjenklang i veggane.

Vi kjente igjen dei klassiske musikkverka sjølv om fleire var «krydra og levert» på ein annan måte enn vanleg. Det var nesten så vi kan bruke eit lokalord som «rabalder» på framføringa, ikkje i negativt betydning, men som illustrasjon på fantastisk fingerbruk på tangentane.

Kolstad takka av etter eitt eksranummen, men publikum ville ha meir. Tre gonger kom han inn døra og takka djup og ærbødig for seg før han sa; «No gidd eg ikkje meir».

Med kulisser av Peer Gynt-relieff rundt seg på alle veggar showa Aksel Kolstad til stormande applaus og jubel fredag kveld.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380