LokalnyttUkategorisert

Opera på Hægstad Gård/Geiranger Bakeri

Lukasz Klimczak imponerte med operasong på Hægstad Gård/Geiranger Bakeri.

Geirangerbygda har meir enn Verdsarvstatus, der jobbar også Lukasz Klimczak, ein fantastisk operasongar. På opera og musikalsk pub på Hægstad Gård/Geiranger Bakeri vart det operatonar i verdensklasse.

Polske Lukasz Klimczak har jobb i verdsarvbygda Geiranger. Laurdag kveld tok han turen til Hellesylt for å synge verdskjente operasongar med Gunnar Inge Eide på jobb ved pianoet.
Det vart ein sjeldan kveldstime i kafeen ved kunstsenteret der operaperler tona ut på rekke og rad. Det opna med songen «I`ve Got Plenty of Nothing» frå Porgy and Bess av George Gershwin.

Og det kom fleire av polske og andre operasongar før han avslutta med Edvard Grieg sin «Jeg elsker Dig» på norsk.

Lukasz Klimczak har ei mektig stemme som fylte kafedelen i Peer Gynt -senteret, ei vakker og kraftfull songrøyst som ingen hadde høyrt i dette lokalet før.

Klimczak pakka saman noteark og stativ, men publikum ville høyre meir. Det fekk dei då han og Eide tok opningssongen ein gong til.

Lukasz Klimczak til venstre og Gunnar Inge Eide.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380