Lokalnytt

Opningskonsert på badestranda

Kristin Storstein og Gunnar Inge Eide gleda mange med ein flott konsert på badestranda på Hellesylt

Oppleving og stemning steig i takt med ein fløande Sunnylvsfjord då Kristin Storstein og Gunnar Inge Eide opna Kulturdagane på Hellesylt med konsert på badestranda. Mange kom til konserten der aktørane måtte leite fram ekstranummer.

Kulturdagane på Hellesylt starta på aller beste måte onsdag. På badestranda på Hellesylt kom sola og gjorde timen med minikonsert svært behageleg for dei frammøtte, og på fjorden krusa turistferja Veøy forbi. Frå landgangen til badehuset tona vakker song og musikk frå dei to aktørane Kristin Storstein og Gunnar Inge Eide.

Naturen sine kulisser som omkransa staden med fjord og fjell var kan hende med på å velge opningssongen. Det var kjente «Ved Rondane» av Aasmund Olavsson Vinje. Deretter kom Jakob Sande sin «Hymne» før neste som var «Å Vestland, Vestland» av Tore Ørjasæter.
Så kom «Den fyrste song» og deretter «Heimbygda» som skulle vere avslutning på minikonserten, men taktfast applaus frå publikum fortalde at dei ville høyre meir.
Det fekk dei med Ola Bremnes sin «Har du fyr», men då var opningskonserten slutt.

Konserten kunne gjerne vart lenger. Kristin Storstein har ei vakker songrøyst det er flott å høyre, og går godt i lag med Gunnar Inge Eide sitt stødige tonefølge på piano.

I morgen torsdag 21. juli blir det nye konsertar frå utescena i hagen ved Hægstad Gård. Fyrst ut klokka 18.00 er John John Bruseth, og litt seinare er det Frida Braxcell med sitt band sin tur.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380