Ørjan Frøysadal Hauge vann Fjøssystemer-cupen
Sist helg arrangerte skyttarlaga Ringebu og Fåvang, Øyer/Dølen, Otta, Østre Gausdal og Vinstra Fjøssystemer-cupen. Vinnar samanlagt vart Ørjan Frøysadal Hauge, Sunnylven skyttarlag.
Frå: Sunnylven skyttarlag
Ørjan Frøysadal Hauge frå Sunnylven skyttarlag viste storform under Fjøssystemer-cup i helga. Etter meisterleg skyting tok han like godt samanlagtsigaren med heim til Sunnylven.
25-skoten på fire av fem stemne er teljande, og storskyttaren som framleis er junior fekk totalt 997 poeng på sine fire beste stemner. Dei teljande stemneresultata var 250 – 249 – 249 – 249 (max er 250).
I tillegg til samanlagtsigaren fekk Ørjan også med seg to 1-plassar og to 2-plassar med seg. Ein av konkurransane vant han med fullt hus 350 poeng.
Isak Elias Frøysadal Hauge frå same skyttarlag fekk med seg ein 5. plass i ei beinhard eldre juniorklasse (seniorprogram på 100m). Isak nådde resultata 246 – 245 – 244 – 242 i si samanlagtliste, som gav samla poengsum på 977.
Gaute Grøterud frå Sigdal vant klasse med 249 – 248 – 248 – 247, totalt 992 poeng.
Mellom seniorane på 200 meter blei Kristian André Frøysadal Hauge best frå Sunnylven skyttarlag med 19-plass samanlagt og serien 247 – 247 – 243 – 243, som gav 980 poeng totalt.
Han tok også 2. plassen i gruppa U20. Det beste enkeltstemne til Kristian var i Østre Gausdal der det vart 8. plass i kl 3-5 med 346 poeng på 35-skota.
Dei øvrige seniorane frå Sunnylven skyttarlag oppnådde:
37.plass – Ivar Fivelstad, 243 – 242 – 242 – 239, 966 poeng
46.plass – Kjell Oddvar Frøysa, 244 – 240 – 239 – 237, 960 poeng
63.plass – Dag André Hauge, 242 – 236 – 236 – 235, 949 poeng
Vinnar av klasse 3-5 blei tidlegare Skyttarkonge og Skyttarprins Daniel Sørli med resultata 249 – 249 – 248 – 247, 993 poeng totalt.
I alt deltok 135 skyttarar i seniorklassa.