Publikum svikta musikalske oppleving
Under Kulturdagane på Hellesylt var internasjonale artistar å høyre frå utescena torsdag kveld. Men kvar vart publikum av på ein fin sommarkveld i hagen ved Peer Gynt galleriet?
Personleg av Fredrik Stadheim
John John Bruseth opna ein flott kveld i hagen ved Hægstad Gård, trubaduren frå Ålesund som har reist i mange land, mellom anna til den fantastiske ferieøya Zanzibar. Mange av dei sjølvskrivne visene som han turnerer store deler av landet med, er blitt til etter opphald på krydderøya sørøst i havet ved Tanzania.
I visene hadde han fletta inn opplevingar, ikkje berre av det gode, men som enda godt. I litt spesielle artistklær med gitar i handa batt han saman visetimen sin med fleire sjølvopplevde hendingar.
Det vart ei musikals reiseskildring og andre opplevingar heime i Ålesund med John John, men kanskje med litt lite gla`tekst.
Svensk toppartist
På torsdag kveld kom også svenske Frida Braxell med band og til konsert på utescena. Ei blid og triveleg jente saman med tre fantastiske musikarar på gitar, bass og slagverk. Sjølv trakterte Frida sin gitar fremifrå, og med ei songstemme og formidling av tekst imponerte ho publikum som applauderte fram ekstranummer.
Det var eit fyrverkeri av ein songartist frå nabolandet som «skremde» vekk både skyer og eventuelle regnbyger som hadde tenkt seg til Hellesylt. Frå scena leverte ho både songar med trøkk, men også i varlege, melodiøse tonar. Frida Braxell gav nyleg ut sitt fjerde album.
Publikum svikta
Det er utruleg flott å kunne oppleve slike artistar på Hellesylt. Såleis undrar både vi og fleire oss over kvar det lokale publikum blir av, dei som ropar om at ting må skje på Hellesylt, for eksempel nytt hotell snarast.
Torsdag kveld kom eit tilbod under Kulturdagar på Hellesylt, og der kjem det fleire i dagane framover:
Det er Hægstad Gård/Geiranger Bakeri som er arrangør av Kulturdagar på Hellesylt 2022, støtta av Stranda kommune, Gjensidige og Sparebanken Møre.