Lokalnytt

Rockeband til utedans på Hellesylt

Rockebandet Torgeir & Kjendisene kjem til Hellesylt og spelar på utedans laurdag 9. juli.

Laurdag 9. juli står Torgeir & Kjendisene, eit rockeband frå Moss på scena på Hellesylt under årets utedans. Der blir sal av grilla kjekjøt og indrefilet, og trubadur Tico fyrer opp stemninga frå tidleg kveld. Billettsalet er i gong.

Ramazan Øcal har ikkje heilt kontrollen på kor mange gonger han har arrangert utedans på Ole Ringdals plass midt i Hellesylt sentrum, men det er over ti somrar på rad meiner han.

Den unge karen som for mange er mest kjent for sine gode pizza -og kebab-menyar, ramsar opp kjente artistar som har levert musikk for danseglade frå utescena, som Rune Rudberg, Vassendgutane, Crashville, og Vestnorge.

Tico fyrer opp før rocebandet

I år kjem Torgeir & Kjendisene, eit ekte rockeband som også har hausta stor anerkjenning og fått Spelemannsprisen 2016 i klassa danseband for låta «En runde til».

Men før dei fire i bandet, Torgeir Hansen, Per Kværner, Dag Vidar Kruse og Dag Anders Sandell går på utescena i Hellesylt sentrum har trubadur Tico fyrt opp i kjent stil alt frå tidleg laurdag kveld.
Ramazan lovar stor stemning og trivelege timar også under dette dansearrangementet.
-Vi har sikra oss eit band som lagar liv og røre og som kjem til å gjere gjestane våre fornøgde. Vi har også sikra godt og varmt ver til denne kvelden, påstår Ramazan Øcal.

Stort festivaltelt

Om det skulle kome nokre regndråpar har han stort festivaltelt på plass på området. Det heile blir som tidlegare år innegjerda og med adgang kun for dei som har kjøpt billett.
Billetsalet startar onsdag 22. juni, og dei får ein kjøpt ved å ringe Ramazan mob. 941 35 096, eller ved Salg og Utleiebuda, Hellesylt.

Berre bongar under dansen

-På utedansen blir det bar for sal av diverse forfriskningar. Der tek vi ikkje mot anna betaling enn bongar, så alle må kjøpe desse hos oss på førehand fram til dansen. Bongane vil vere gyldige betalingsmiddel også etter utedansen og ut juli månad, seier Ramazan Øcal.

Grill.
Ramazan opplyser at det blir sal av grillmat frå klokka 14.00 på festivalplassen. På menyen står kjekjøt og indrefilet med tilbehør.

Ramazan Øcal har alt klart til ein ny utedans i Hellesylt sentrum. Sal av billettar og bongar startar denne veka.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380