Rune Kleiven stiller ut på Hægstad Gård
Med sitt fotoapparat har Rune Kleiven fanga inn store og små opplevingar i naturen og mellom folk og dyr. På Hægstad Gård er nokre av bileta utstilt under Kulturdagane som opna i dag onsdag 20. juli.
-Eg har stilt ut ein del av bileta mine i vestibylen på Hægstad Gård. Der blir dei å sjå så lenge Anders Adolfsson tillet det. Eg er veldig glad for at eg får lov å stille ut her, dei kvikkar i alle fall opp meir enn gråmåla veggar, skjemtar Rune Kleiven.
I praten vår fortel han at han har vore gardsdreng i Sunnylven fleire somrar både på Hølsbakken og på Ljøen, sommarjobbar som truleg har gjeve inspirsjon til fleire bilete. Vi såg levandegjort både dyr og meir gjennom bileta i utstillinga.
Mor til Kleiven kom frå Fløten på Ringdal, så det fulle namnet til hobbyfotografen er Rune Ringdal Kleiven. I dag har han tilknyting til Sunnylven på fleire måtar med slekt på Øvre Ljøen og hytte i Sunnylvs-Moldskreddalen.
Det er ei variert utstilling, der Kleiven viser bilde av seg sjølv som ung gut saman med bestefar sin. Artig var også ein fotoserie av ei dame i lette dansesteg. «Dansebileta» var til då ein strykekvartett frå Ålesund gjesta amfiet på Ljøen. I gruppa var ein dansar, ei dame i fotsid kjole som bevega seg i takt med musikken, fortel han.
-Eg prøver å ta foto av slikt som andre ikkje fotograferer, seier pensjonist og hobbyfotograf Rune Kleiven. Utstillinga er å sjå på Hægstad Gård / Geiranger Bakeri Hellesylt.