Lokalnytt

Snart Kulturdagar på Hellesylt

Det nærmar seg kulturdagar på Hellesylt, fleire arrangement med nasjonale og internasjonale underhaldningskrefter. På Hægstad Gård/Geiranger Bakeri får ein også servert det gode for snakssansane.

Onsdag 20. juli blir det premiere på eit nytt konsept Anders Adolfsson ved Geiranger Bakeri har kalla Kulturdagar på Hellesylt. -Det er no turistane er her så då må vi ha noko å by på, har han sagt, ord som han har gjort noko med.

Og når ein les programmet for siste vekene i juli trur vi mange tek turen til Hellesylt. Det startar onsdag 20. juli med ein konsert på den vesle buplassen Kurlå like forbi Åseneset. Her har Storfjorden Venner restaurert våningshuset tilbake til god stand, og Sunnylven skule har rydda området kring. Her får dei som tek turen høyre Kristin Storstein synge med Gunnar Inge Eide ved tangentinstrument.

Så går det slag i slag som sunnylvingar seier, dei neste dagane i veke 29 kan ein høyre pianist Aksel Kolstad med showet «Mozart på steroider», sveriges «nye» Cornelius Wresvig som er Frida Bracxell med band held konsert i hagen ved kulturhuset på Hellesylt torsdag, John John Bruseth kjem, og på laurdag blir det ny konsert med «kjærlighet» og opera ved Hægstad Gård.
Sjå oversikt i «Komande arrangement».

Ut i veke 30, torsdag 28. juli blir vinnar av spelemannpris 2022, Behare å høyre som siste artist ut under dei aller fyrste Kulturdagar på Hellesylt.

Vi gler oss til å høyre, og ikkje minst få sett Hellesylt på kartet som staden med arrangement sommaren 2022.
Gå til www.tikkio.com og kjøp billettar. Dei fleste konsertane vi har omtala har billettpris frå 250.- til 350.-, men kjøp gjerne eit festivalpass til 950.- kroner. Det gjeld for all underhaldning, og den bør alle få med seg.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380