Lokalnytt

Speidarleir på Øie-bøen samla 600 deltakarar

Deltakarar på speidarleir på Øie-bøen i 1987. I bakgrunnen fjellet kalla Klypet

I august er det 35 år sidan speidarar slo leir på garden Øie i Sunnylvsbygda, ca. 4.0 km. opp frå Hellesylt. I leiren til KFUK og KFUM-speidarane på Sunnmøre var samla rundt 600 tilreisande.

Foto med tillatelse av Jan Westergren

Veret var ikkje det beste enne veka i august 1987, står å lese i ein artikkel i avisa Fylket. Men stemninga var god med underhaldning, konkurransar, helsingar, oppvisningshopp av fjellflygarar, og avslutning med friluftsgudsteneste og barnedåp.

Det var Lina og Jon Tverli som opna opp eit 25 dekar stort område for speidarleiren. På Øie-bøen er flatt, men sandgrunn så sjølv om det regna var det ingen fåre for gjørmetilstander i leiren. Mottoet for leiren var «Mot høgda», eit ord som fekk fleire meiningar etter kvart.
I speidarleiren på garden Øie samla det seg mange tilreisande frå Norberg, Oslo, Kyrkjebø i Sogn, frå Stryn i Nordfjord, og to svenske gutar, Jan og Lars. Sjå meir om desse lenger nede i artikkelen.

Lang tid å planlegge

Kari Ringstad frå Ulsteinvik var vikarierande leirsjef. Ho fortalde at det tok to år å planlegge ein speidarleir. Der må vere både ei stor flate og eit hellande terreng, ein må ha tilgang på vatn og elektrisitet. Området på Øie oppfylte alt dette og krinsstyret vart glade då Lina og Jon Tverli sa ja til å leige ut, sa Ringstad.

Fjellflygarar

Speidarane i leiren på Øie-bøen mangla ikkje opplevingar. Frå utescena slo ei musikkgruppe frå Ørsta an tonen både for allsong og andre, det vart synt sketsjar, og mange helsa til speidarane.

Men kanskje var oppvisningshoppa til dei fire frå Ålesund Hangglidarklubb det som fenga mest. Etter hjelp med å bere hengglidarane på 30 kilo kvar opp til fjellkanten Klypet hoppa ein og ein ut. Som store fuglar kom dei svevande ned mot leirområdet og landa trygt. Eit innslag der alle såg «mot høgda», står å lese i artikkelen.

Ein av fjellflygarane var Reidar Fiske. Det var litt krevjande grunna regnveret, men ei stor oppleving å sveve ned mot leirområdet og høyre jubelen frå dei mange hundre, sa han.

Helsing frå ordførar

I 1987 var Inge Gjærde ordførar i Stranda kommune. Han tok turen til speidarleiren i Sunnylvsbygda med gode helsingsord til alle.

Han fortalde om kommunen med dei fire bygdelaga, om næringslivet der jordbruk, industri og turisme dominerte, og han tok fram naturen og fjella, både i turistsamanheng og som ei god rekreasjonskvile for folk. Han reklamerte også for Stranda som læringsstad med mange skuleplassar med varierte fag.

Rundt 600 deltok på speidarleiren på det 25 dekar store arealet

Barnedåp

På søndag som var siste dag var det friluftsgudsteneste der også fleire frå lokalbefolkninga var til stades, kanskje tusen personar totalt. Gudstenesta var ved ungdomsprest Torvald Grønli, og her vart barnet til Gunn Berit og Otto Per Gjerde døypt. Han fekk namnet Ole Osnes Gjerde.

Leiarar møtast igjen

For litt sidan vart hellesylt.info kontakta av Jan, ein av dei svenske gutane på speidarleiren om kvar i Hellesylt leiren låg, den beste leiren han har vore på nokon gong, skreiv han. Den andre svenske guten heitte Lars. Begge var leiarar saman med to jenter for speidarane frå Kyrkjebø i Sogn, og alle dei fire skal treffast i veke 29. Om det blir 35-års besøk til speiderleiren på garden Øie veit ikkje vi, men minner frå då blir heit sikkert henta fram.

Avisa Fylket hadde reportasje frå leire siste dag då det var gudsteneste og dåp.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380