Sunnylven skyttarlag vann vandrepokal i lagskyting
I Sunnylven skyttarlag sitt Hyttehola-stemne deltok 102 skyttarar. Her vart fire vandrepokalane delt ut, og det vart kåra fleire vinnarar klassevis.
Dei fire vandrepokalane har gått over ein periode på fem år. I 2022 var siste året for denne pågåande perioden. Entreprenør PEAB K. Nordang AS har vore hovudsponsor for desse pokalane som det vart ein jamn kamp om å vinne til odel og eige.
Vandrepokalvinnarar
Dei fire vandrepokalane er satt opp for å kunne vinnast i ulike klasser og type skytingar. I lagskyting klasse 3-5 gjekk pokalen til arrangøren Sunnylven skyttarlag.
Dei andre gjekk til følgjande skyttarar/lag:
– Klasse 3-5: Bjarne Muri, Oslo Østre skyttarlag
– Klasse V55: Leiv Reksten, Nordbygda og Rand skyttarlag
– Klasse V65/V73: Egil Melvær, Florø skyttarlag
Hytteholstemnet 2022
Det deltok totalt 102 skyttara på konkurransen i Hyttehola.
I klasse 3-5 vann Reidun Kristin Knapstad frå Florø stemnet med 347 poeng.
Generalsekretær i Det frivillige Skyttarvesen, Jarle Tvinnereim frå Kristiansund og omegn skyttarlag, blei nummer 2 med 345 poeng.
Av skyttarar frå arrangørlaget kom Kristian André Frøysadal Hauge på 5.plass og 344 poeng.
Andre klassevinnarar:
Klasse rekrutt – Jonas Nykrem, Sykkylven skyttarlag
Klasse eldre rekrutt – Simen Martinius Isene, Skarpskytten skyttarlag
Klasse 2 – Anita Tormodset, Hammerfest skyttarlag
Klasse V55 – Arve Halsteinslid, Haugen skyttarlag
Klasse V65 – Gaute Aamlid, Ørskog skyttarlag
Klasse V73 – Erling Sylte, Fiskå skyttarlag
Øvrige sunnylvingar:
- plass i klasse 3-5, Ivar Fivelstad
- plass i klasse 3-5, Dag André Hauge
- plass i klasse 3-5, Kjell Oddvar Frøysa
- plass i klasse 3-5, Ola Vangen
- plass i klasse V55, Nils Olav Frøysa
- plass i klasse V73, Oddmund Fivelstad
- plass i klasse EJ, Isak Elias Frøysadal Hauge
- plass i klasse J, Ørjan Frøysadal Hauge