Lokalnytt

Surt og vått, men flott arrangert Hellesyltløp

Frå starten av Hellesyltløpet 2022.

Etter to års pause grunna korona-pandemi vart det etter kvart tradisjonsrike Hellesyltløpet arrangert laurdag 9. juli. For seniorklassene vart årets løp utkjempa i ny løypetrase.

Vilja Fuglem, Valldal IL og Oskar Ringdal, Sunnylven IL vann jente og guteklassa, og mellom damer og herrer var Elida Fuglem, Valldal IL, og Hans Kristian Stadheim, Sunnylven IL best i det 33. Hellesyltløpet.

Hans Kristian Stadheim blir vinnar av herreklassa i Hellesyltløpet 2022 framfor Kristian Nedregård.

Litt skuffande for arrangøren at berre 37 løparar totalt kom til start, men veret og kanskje resultat av to år med få konkurransar får ta litt av skulda.

Hellesyltløpet vart sist gong arrangert i 2019. Då gjekk løpet i den lange løypa om Stadheim, men i år var det hindringar i traseen grunna jordbruksdrift. Difor vart det ny trase gjennom Hellesylt sentrum til Høge bru og tilbake til stadion.

Det var ei flott løype med ein god del publikum som heia, sa veteran i Hellesyltløpet Odd Arild Dale, Førde IL. Han ville trene godt og stille til start også neste år om han fekk løpe same løypa.

Leiar i arrangørlaget Sunnylven IL trim/friidrett, Per Svein Hole var nøgd med gjennomføringa. Han hadde sin faste funksjonærstab på plass, både ved start og ute i løypene som vakter. Det var eit mannskap som visste kva dei skulle gjere, sa han.
Hole takka også sponsorane av løpet, Stranda Energi, Ole Ringdal A/S, og Sparebanken Møre som gjorde det mogleg å premiere alle deltakarar med flotte t-skjorte.

Ingeborg, Oskar og Trym gjer seg klar til løp.

Resultatliste Hellesyltløpet 2022.

Gutar:

Startnummer Namn Klubb Klasse Tid
28 Oskar Ringdal Sunnylven Gutar 06:10
10 Fredrik Fivelstad Stadheim Sunnylven Gutar 07:43
29 Sakkarias Helset Ringdal Sunnylven Gutar 09:26
3 Tobias Tryggestad Røyr Stranda IL Gutar 09:28
35 Henrik Hole Flo Sunnylven Gutar 09:29
4 Brage Tryggestad Dankel Ingen klubb Gutar 11:00
                    17 Marius Brekke Sylte Sunnylven Gutar 22:12
Vilja Fuglem, Valldal IL

Jenter:

23 Vilja Fuglem Valldal Jenter 06:18
11 Ingeborg Fivelstad Stadheim Sunnylven Jenter 07:09
6 Tuva Marie Korsbrekke Sunnylven Jenter 07:42
16 Ane Brenne Ringdal Sunnylven Jenter 07:46
24 Tiril Magrit Myren Valldal Jenter 07:47
5 Emma Korsbrekke Sunnylven Jenter 09:44
37 Eline Aaland Furset Volda VTI Jenter 09:45
33 Alma Hole Flo Sunnylven Jenter 09:46
9 Vilde Fivelstad Stadheim Sunnylven Jenter 09:50
15 Marte Brenne Ringdal Sunnylven Jenter 09:51
34 Synne Hole Brekke Hornindal Jenter 11:04:00
Kristian Nedregård i midten og Hans Kristian Stadheim intervjua etter løpet.

Herre:

Startnummer Namn Klubb Klasse Tid
31 Hans Kristian Stadheim Sunnylven Menn 11:29
14 Kristian Nedregård Spjelkavik FIK Menn 11:31
2 Thomas Sander Hole Volda VTI Menn 11:55
21 Heine Fuglem Valldal Menn 12:32
19 Ottar Frøysa Hellebostad Sunnylven Menn 13:17
22 Jan Ole Fuglem Valldal Menn 13:21
13 Vebjørn Tryggestad Langevåg Menn 13:44
18 Hendrik Storstein Spilker Byåsen / NTNU BIL Menn 13:48
26 Sven Renberg Sunnylven Menn 14:16
12 Trym Helset Sunnylven Gutar 14:21
1 Frode Riise Ingen klubb Menn 15:16
30 Per Ingebrigt Karbø Sunnylven Menn 15:26
8 Dag Ryste Stranda IL Menn 17:22
32 Odd Arild Dale Førde Menn 17:26
36 Knut Dag Langeland Sunnylven Menn 17:26

 

Damer:

Startnummer Namn Klubb Klasse Tid
20 Elida Fuglem Valldal Damer 14:18
7 Kari Anne Tryggestad Ryste Sunnylven Damer 14:22
27 Kristine Hjellbakk Hole Sunnylven Damer 14:33
25 Eline Myren Valldal Damer 14:46
Tuva Marie Korsbrekke, Sunnylven IL.
Spurtoppgjer mellom frå venstre: Emma Korsbrekke, Alma Hole Flo og Eline Aaland Furset.
Ane Brenne Ringdal og Tuva Marie Korsbrekke, Sunnylven IL
I mål med to løpartalent, Vilde og Marte, og ledsageren deira.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380