Notiser

Tre timar med godt kafébesøk

Mange ville ha spaning og kjøpte masse snurrelodd. Over 200 gevinstar gjekk ut.

Sunnylven sanitetslag flytta frå området ved skulen til Sunnylven kyrkjelydshus med kafé og tombola. Der vart det fullt hus i tre timar.

Det brukar ikkje vere dårleg ver den helga Sommardagar på Hellesylt blir arrangert. Laurdag i år vart eit unntak med regn og lave temperaturar. Då var det lunt og koseleg å kome inn i Sunnylven kyrkjelydshus til gode kaker , kaffi og lotteri, tykte mange.

-Her har vore fullt kring alle bord frå vi opna til vi slutta. Eg trur folk kosa seg og dei kjøpte både frå kakebordet og av snurrelodda våre. Mange synest det er så kjekt at vi held på den gamle tradisjonen med snurrelodd, fortel leiar i sanitetslaget, Hilde Langlo Brekke.

Sanitetsdamene var fornøgde med dagen og inntekta som går til nyttige og helsefremjande formål i bygda. Sanitetslaget sin kafé laurdag var arrangement i staden for det årlege loppemarkedet.
Laget hadde kafé berre på laurdag 9. juli.

Godt besøk på Sunnylven kyrkjelydshus.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380