Lokalnytt

35 år sidan speidarar inntok Øie-bøen

Flata på bildet var område for speidarleir i 1987. I dag er der ei grøderik grasmark.

I august for 35 år sidan var KFUM / KFUK sin speiderleir på Øye-bøen i Sunnylvsbygda i gong. Det vart ein vellukka speidarleir sjølv om veret var våtsamt stort sett heile leirveka.

På eit nær 25 dekar stort areal vart det rigga for spedarleir med 600 deltakarar i 1987. Det var Lina og Jon Tverli som stilte området til rådvelde for speidarar og leiarar som kom dei fleste frå Sunnmøre, men også tre gjestetropper frå Oslo, og frå Stryn og Kyrkjebø i Sogn og Fjordane.
I dag er det same området eit frodig jordbruksareal for grasproduksjon.

Mykje måtte ordnast før opninga 1. august så arbeidsspeidarar var på plass i god tid og klargjorde området før leirområdet vart fylt opp.

Som det gjekk fram av reportasjar av avisa Fylket sin utsende var det ingen kjedelege dagar sjølv om veret var grått og våtsamt. Leirområdet på Øie-bøen takla nedbøren, for området har sandgrunn og drenerte godt.
Det var lagt opp til mange aktivitetar som fjellklatring, kanopadling og fjellturar. I tillegg var det mykje «indreteneste» i leiren som førstehjelp, sambandsteneste og bygging av si eiga hengekøye.

På kveldane var det program der deltakarar fekk vist sine talent både i sketsjar, song og musikk, det var volleyturnering, stafett og mykje anna.

Opplevingare under speidarveka var store og spektakulære, som då fire medlemer frå Ålesund hengleiderklubb hadde luftig oppvisning og landa i leirområdet etter å ha hoppa ut frå fjellet «Klypet». Også ordførar Inge Gjærde i Stranda kom innom med helsing, og det heile vart avslutta med gudsteneste og dåp.

Ein av leiarane på speidarleiren var Jan Westergren frå Sverige. Nyleg var han saman med fire andre leiarar/personar frå troppen «Kyrkjebø-Mølnlycke» samla og mintes dagane og opphaldet under speiderleiren i 1987.
Under deira treff hadde dei valgt ut fleire bilete frå speidarleiren på Øie-bøen som hellesylt.info har fått lov å presentere. Vi takkar så mykje for bileta og for hyggeleg kontakt.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380