600 har besøkt industriutstillinga
Oppslutninga om den permanente industrihistoriske utstillinga, som vart opna 1. juni på Stranda, har vore fantastisk god. Så langt har kring 600 personar nytta høvet til å sjå presentasjonen av dei 150 produkta frå 100 bedrifter i Stranda kommune.
– Vi har hatt besøk frå fjern og nær. Mange har reist jamvel langt for å sjå utstillinga, og kommentarane vi har fått, er særs positive, fortel initiativtakarane Reidar Lunde og Helge Søvik.
På grunn av den gode interessa går styret inn for uendra opningstider ut august og september; onsdagar og laurdag mellom kl 13 og 16.
«Strandaindustriens historie» er også i ferd med på lansere si eiga heimeside.