Notiser

Geiranger Bakeri, Hellesylt søkjer etter tilsette.

Ved kunstsenteret Hægstad Gård på Hellesylt har Geiranger Bakeri kafe og utsal av bakevarer. Dei søkjer no etter tilsette.

Geiranger Bakeri på Hellesylt står utan tilsette og må truleg stenge for sesongen om bedrifta ikkje lukkast å få tak i tilsette til kafé og utsal. Det seier Anders Adolfsson ved bakeriutsalet.

Geiranger Bakeri sitt utsal på Hellesylt søkjer etter tilsette frå no og ut over hausten då dei som har jobba der har sagt opp. Anders Adolfsson har søkt etter tilsette til kafé og utsalet ved Hægstad Gård på Hellesylt utan å lukkast så langt.

-Det er ein vanskeleg situasjon med å få tak i folk, ikkje berre på Hellesylt, men også andre stader. Vi ønskjer å få betjening frå no og ut over hausten, i fyrste omgang fem dagar i veka, seinare litt færre opningsdagar. Om vi ikkje lukkast må vi stenge, seier Anders Adolfsson.

Interesserte kan ta kontakt med han, mob. 988 10 551

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380