Lokalnytt

Hadde håpa på større besøk

Anders Adolfsson har masse idear og blir engasjert når han snakkar om arrangement som Hellesylt bør og må tilby om reisande skal stoppe på staden.

Vi er nøgde med gjennomføringa av arrangementet, men hadde håpa på betre besøk. Det seier Anders Adolfsson ved Geiranger Bakeri etter at Kulturdagane på Hellesylt er vel i hamn.

Sist i juli hadde Hellesylt besøkt av fleire topp artistar innan song og musikk då Geiranger Bakeri arrangerte Kulturdagar på Hellesylt i hagen og inne i lokala på Hægstad Gård. Der vart det også servert gode måltid av mange slag.
Det vart ikkje den store publikumstilstrøyminga som arrangøren hadde håpa på, men dei som kom hadde hyggelege kveldstimar med både underhaldning av både lokale og tilreisande artisar. Størst for mange var torsdag kveld med svenske Frida Braxell og band på scena, ein konsert som alt for få kom for å oppleve.

Gjennomført som planlagt

-Eg har fått berre gode tilbakemeldingar på arrangementet, men hadde håpa at fleire personar kom. Slik vart det ikkje denne gongen. Alt vart gjennomført som planlagt, unnataket var opningskonserten på Kurlå som måtte flyttast til badestranda på Hellesylt då vi ikkje lukkast å få frakta pianoet til buplassen. Konserten på badestranda vart likevel ei god erstatning.
Det seier Anders Adofsson ved Geiranger Bakeri som planla Kulturdagar på Hellesylt 2022, og fekk dei gjennomført med god hjelp av fleire. «Dagane» vart også støtta økonomisk av Stranda kommune, Sparebanken Møre og Gjensidige, ei støtte han er glad for å få.

Treng oppleving og underhaldning

Adolfsson har gjort seg sine tankar om og eventuelt korleis eit slikt arrangement må gjennomførast neste gong. Det han er overtydd om er at Hellesylt bør ha underhaldning å by på om turistar og andre skal kome og stoppe opp på staden, det vere seg dei tradisjonelle Hellesyltdagane, eller anna som årets Kulturdagar.

Starte planlegging i god tid

-Hellesylt treng begge arrangementa og dei bør ikkje konkurrere ut kvarandre. Men Kulturdagane bør nok komprimerast til kanskje tre dagar med fleire innslag kvar dag, trur Adolfsson.
-Neste underhaldningssommar på Hellesylt må planleggast, vi bør tidleg kome saman fleire og starte planlegginga, sjå etter artistar til arrangement, starte markedsføring i god tid, og det må sikrast sponsorar slik at det går i hop økonomiske, seier Anders Adolfsson.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380