Lokalnytt

Interessant og levande diktarportrett

Asbjørn Tryggestad fortalde levande og interessant om Ivar Ringdal og diktinga hans.

Kulturbedehuset var fylt til siste plass då Asbjørn Tryggestad søndag ettermiddag kåserte interessant, engasjert og levande om fjellbonden og diktaren Ivar Ringdal frå Ellinggarden på Ringdal.
– Asbjørn er kanskje den lokalt som aller best har sett seg inn i Ivar Ringdal sitt liv og dikting, sa Ann Kristin Langeland då ho ønskte alle velkomne.

Asbjørn Tryggestad streka under at det var hans eigne tolkingar og opplevingar av dikta til Ringdal han ville leggje fram.
– Eg har stor glede av å studere dei mange underfundige orda, setningar og vriar eg opplever i dikta i diktsamlinga «Lyng i steinurd». Ivar Ringdal var kunnskapsrik og hadde ei stor samling av bøker om våre største diktarar. Han kunne såleis også få inspirasjon frå andre forfattarar til diktinga si, meinte Tryggestad, og han takka familien til Ringdal for den gode hjelpa han hadde fått i arbeidet med dette kåseriet.

Ein unik formidlar
Asbjørn Tryggestad er ein unik formidlar med eit stort engasjement og varme i det han legg fram. Dette fekk vi til fulle oppleve då han fortalde om og las utdrag frå mange av dikta til Ivar Ringdal. Desse hadde stor spennvidde i tema. Diktet «To syn», som også er omsett til islandsk, og diktet «Tru» syner etter mi meining begge at diktaren hadde teke vare på si barnetru, men forkasta alt svartsyn, sa Tryggestad.

Han elska naturen
– Dikt som «Fjellvandring, «Isblom» og ikkje minst «Høgaltaret» viser til fulle at Ivar Ringdal elska naturen. Han var også ein utruleg god observatør og fletta svært mange detaljar i lendet rundt seg inn i dikta. Personleg meiner eg at «Isblom» er eit av dei vakraste dikta i norsk poesi, og diktet «Høgalteret» godt kunne konkurrert om å vere Noreg sitt vakraste dikt, meinte Tryggestad.
Han hadde også leita fram dikt som til fulle viste humoren hos diktaren, noko som fleire gonger fekk låtten fram i salen.
Til sist las Tryggestad diktet «Takksemd», som ei takk frå ein smålåten og jordnær diktar.
Asbjørn Tryggestad fekk stor applaus etter kåseriet, og fekk og ei gåve som takk frå Kulturbedehuset.

Kulturbedehuset var fylt til siste plass under kåseriet.