Lokalnytt

Inviterer på tur til Ishavsmuséet på Brandal.

Ishavsmuseet på Brandal, her det gamle bygget. Eit nytt står like ved.

Sunnylven bygdekvinnelag inviterer til busstur til Ishavsmuséet på Brandal 3. september. Der blir det omvisning og servering av middag før dagsturen held fram om Flø på heimveg.

Ishavsmuséet på Brandal formidlar ei spanande soge om ishavet og selfangst, ei næring som har betydd mykje for mange.
Men livet under barske forhold i ishavet enda også på tragisk måte for skuter og fangstfolk. Ein draum om rikdom gjekk til grunne her for mange.

I gamle sjøboder vart Ishavsmuséet på Brandal opna i 1998, hundre år etter at den fyrste selfangstskuta la ut frå Brandal.

Stiftinga for muséet på Årvak har til no samla kring 6.000 gjenstandar, 75.000 foto og eit veksande dokumentarkiv. Mykje av dette er tilgjengeleg i utstilling.

Sjølvsagt har museet også opplysningar om mange selfangstskuter, og det er blitt gjeve ut fleire bøker om livet og næringa. Bøkene har fått like barske titlar som næringa, «Skuter av tre – Mannskap av jarn», «På gyngane grunn», «I polarisens makt», «Polarstar, Ishavets Grand Old Lady», og mange, mange fleire.

I muséet er det også råd å gjere ein minnerik handel. Dei aller fleste produkta som vestar, tøfler, hanskar, caps, slips og meir er laga av selskinn.
Kvar dag i ordinær opningstid er det sal av kaffi, kaker og andre godsaker i kafédelen.

Under Sunnylven bygdekvinnelag sitt besøk blir det omvising og servert middag. Etter besøket ved muséet på Årvak går bussturen vidare om Flø på heimvegen. Bussturen er dagstur med Ingers Trans. Alle er velkomne til å vere med, også ikkje-medlemer, skriv bygdekvinnelaget.

Dato for turen er 3. september og kostar 400.- kroner for medlemer, 600.- kroner for andre.
Påmelding til Anne Marie Sømoen Frøysa innan torsdag 1. september, mob. 988 46 226.

Museet på Årvak Brandal har også ein kafedel.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380