Lokalnytt

Kjem med si fyrste diktbok

Line Storstein bur på Lillehammer, men har sine slektsrøter frå Hellesylt og Sunnylven. No kjem ho med diktboka -Ord til deg-.

Gjennom Instagram-kontoen @ord_til_deg deler Line Storstein visdomsord til inspirasjon og glede. Snart kjem ho ut med si fyrste diktbok, -Ord til deg-.

At det skulle bli Instagram-konto og bok, var ingen selvfølge. Storstein har alltid vore glad i å skrive, både dikt og artikler, men det måtte motgang til før hun valgte å publisere tekstane sine.

– Eg har alltid vore glad i å skrive, og dikt har eg forma frå tidlig i tenåra. Men så blei det ein lang pause i skrivinga. Etter ein tøff periode frå starten av 2020 og til no har kreativiteten kome tilbake igjen for fullt. Det uperfekte livet har blitt viktig for meg å setje lys på, og av og til kjenner eg meg overvelda over det eg opplever som samfunnet sine altfor trange «rammer» – der vi alle, små og store, skal passe inn, seier diktdebutanten.

Å bry seg om andre

Ho er veldig opptatt av den psykiske helsa vår.
– Det å bry seg om andre menneske for den dei er, og gje dei følelsen av at dei ikke står heilt åleine, er viktig for meg i skrivinga. Det å føle at eg gjev noko til dei som les, er eit mål med denne boka. Gode tilbakemeldinger på dikta frå familie og venner var heilt klart ein del av avgjerda om å sende manuskriptet inn til eit forlag.

Brukar naturen

Line Storstein er fødd og oppvaksa på Hellesylt på Sunnmøre, men har budd på Lillehammer dei siste 20 årene. Hun er mor til to gutar.
Til daglig jobber Storstein i barnehage. Fritida brukar ho utandørs.så mykje ho kan.
– Eg er eit friluftsmenneske, og er veldig glad i å gå i fjella. Eg held meg i form gjennom løping fleire gonger i uka, og om vinteren går eg mange fine turar på langrennski, og eg eig ein packraft, og er ute og padlar så ofte eg har muligheit, fortel forfatteren.

 Mykje mitt liv

Line er også ein ivrig hobbyfotograf og det blir mange naturbilde. Fleire av desse bileta prydar boken og utgjer eit viktig supplement til dei treffande tekstane.
– Boka har dikt som er inspirert av andre, men dei aller fleste er henta frå mitt eige liv. Dei speglar følelsar eg har kjent på og opplevingar eg har vore gjennom. Tekstane mine er gjerne korte, enkle og tydelige. Eg håper å treffe ein nerve hos lesaren gjennom få, men verdifulle ord, seier Line Storstein.

Boklansering

Laurdag 24.september frå kl.13.00 og utover blir Line Storstein å treffe i heimbygda på Hellesylt Boutique & Bar. Her får alle som vil kjøpe ei signert diktbok.
-Førhandsbestillingane er sendt, men eg får med ei kasse med fleire bøker slik at det blir muleg å kjøp også for dei som endå ikkje har fått sikra seg eit eksemplar..
Og sjølvsagt med helsing inne i boka, legg Line Storstein til.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380