Nådde finalen for ungdom på Landsskyttarstemnet.
Kristian André Frøysadal Hauge var mellom 15 i ungdomsfinalen baneskyting under Landsskyttarstemnet i Bodø onsdag. Ein knallsterk prestasjon som enda med 13. plass etter siste finaleomgang.
Det vart 13. plass til slutt på Kristian André Frøysadal Hauge i baneskyting på 200 meter for ungdom på Landsskyttarstemnet i Bodø.
Med 242 poeng etter innleiande skyting var han beste skyttar frå Sunnylven skyttarlag og var åttande beste mellom 15 opp til og med 20 år som var kvalifisert til finalen i Ungdomslaget under LS i Bodø.
Finalen vart sendt direkte på TV NRK 1 der ein og ein skyttar skaut sin avsluttande omgang, ti skot liggande på tid.
Kristian André såg ut til å takle TV-kamera og det krevjande opplegget godt, men lukkast ikkje slik vi veit han kan. Det vart mange treff midt i blinken, men med ein 8-ar og tre 9-arar enda han på 95 og totalt 337. Det gav 13. plass i baneskyting på 200 meter mellom ungdomsskyttarane.
I intervjurunden etter fullført skyting såg han ut til å takle resultatet bra.
Sjølv om det ikkje gjekk heilt slik han hadde håpa, kom han seg til finalen mellom dei unge skarpskyttarane og det var hovudmålet denne gongen, sa han.
Også dei andre på Landsskyttarstemnet følgde finaleskytinga på storskjerm, mellom dei familien og far Dag André.
Han tykte Kristian André hadde gjort ein flott prestasjon. Han hadde «slete» litt i omgangskyting også tidlegare sa han, og med TV-kamera på avtrekkaren vart det nok ikkje lettare, trudde han.
Sjølv hadde ikkje far Dag André fått mykje TV-tid i livet, men det håpa han ungdomsskyttarane ville få i konkurransar i åra som kjem.
Vi i hellesylt.info gratulerer så mykje til Kristian André Frøysadal Hauge med eit strålande skyteresultat på Landsskyttarstemnet 2022.