Opna haustsesongen med mange mål
Sunnylven skåra mange mål mot Ørskog i J13-kamp. Også mot Hødd blå for G10 vart det nettsus, men begge oppgjøra enda med tap for heimelaga.
Haustsesongen i fotball starta på Hellesylt stadion måndag. Her møtte Sunnylven J13 Ørskog.
Gjestelaget stakk av med alle poenga til slutt etter siger 8 – 6, og er nok eit av dei gode laga i serien.
Men det var heimelaget Sunnylven som kom best i gong og hadde tomåls-leiing før kvarteret var gått. Då fann også gjestane nettmaskene og både reduserte og gjekk opp i leiing 5-3 til pause.
I andre omgang starta heimelaget som i fyrste og skåra to gonger. Laget var også i leiing 6-5, men i dei neste tolv minutta skåra laget i blått og kvitt tre og vann til slutt 8-6.
Positiv start på haustsesongen for Sunnylven sjølv om det røyna litt på mot slutten. Eit ekstra pluss til burvaktar Tonje på heimelaget. Ørskog hadde sin beste i lagkaptein Linnea Fosseng Sjøholt som scora heile 5 av bortelaget sine mål.
God dommar i lettdømt kamp var Odd Even Svindseth, VRF.
G10 skåra to mot Hødd blå
Sunnylven G10 møtte Hødd blå og viste liten respekt for laget med det berømte klubbnamnet. Heimelaget skåra fyrst og hadde leiinga til pause, men i andre omgang vart det nettsus også på gjestane. I alt fire mål donka dei inn, heimelaget reduserte ein gong. Dermed siger 4-2 til laget frå ytre.
God kampleiar var Per Helge Liseth, Stranda IL.