Lokalnytt

På innsteg hos hobbykunstnar Martin

Martin Janssen har ein godt utstyrt hobbyverkstad og lagar mykje flott og spanande. Det meste gjev han vekk, mellom anna t-lyshaldaren til høgre

Hobbykunstnar Martin Janssen bur under 1246 meter høge Helsetkopen, også kjent som Tom Cruise-fjellet. Martin fortel om ein sommar med besøk av fjellflygarar, men også andre og av dei han har hjelpt ned frå fjellet i stummande mørke.

På Helset i Sunnylvsbygda bur Martin Janssen, opphaveleg frå Nederland. I den ombygde dyrefjøsen har han sin hobbyverkstad der kunstferdige gjenstadar blir til i store mengder. På garden tek han og kona også imot mange tilreidande, for bekjentskap og gjestfriheit er stor hos dei to.

Martin og kona Margretha har utvida kjellaren i våningshuset med dusj og vaskerom for fri benyttelse for tilreisande.
-No når koronatida stort sett er slutt har besøket teke seg godt opp i heile sommar og vi ventar fleire ut over hausten, fortel Martin.

Det er fjellflygarar og andre som driv ekstremsport som er i fleirtal på hellstock camping som dei har døypt området bak låven. Hit kjem dei og slår seg ned i håp om godt «flygever». Der i frå ser dei opp til toppen av det stolte fjellet 1246 meter over havet, der filmstjerna Tom Cruise gjorde sine halsbrekkande stunt på motorsykkel.

Trudde tåka letta

Om ver og vind ikkje spelar på lag må flygeturen avlysast. Men enkelte tek sjansen og går til topps i håp om at skodda skal lette sjølv om den heng grauttjukk. Det gjorde Jetman-flygaren då han kom tilbake seks år etter at han flaug rundt med ein jetmotor på ryggen, fortel Martin.
-Skodda låg tjukk på toppen av Helsetkopen så vi frårådde å gå opp. Men Jetman-karen skulle opp for å flyge frå Helsetkopen så han og kona hans drog.

Mangla lys i mørke

Dei to vart ventande på Kopen heile dagen og langt utover kvelde, for skodda letta ikkje. Klokka 24.00 ringde vi for å høyre kvar dei var og då var dei fremst i Liadalen på veg ned, men mørkret bremsa framdrifta, dei hadde ikkje lys med seg.
Den danseglade 80-åringen rusta meg med fleire lommelykter og la i veg mot dei, han er i god form.
-Eg kom til sætrestølen i Liadalen, der møtte eg dei to. Resten av nedturen gjekk greitt så vi var tilbake på Helset litt over 02.00, til eit betre nattmåltid.

Like ved inngangen til verkstaden står to rare figurar. Og katten som kom på besøk vart godt motteken.

Gavmild kunstnar

Martin synest det er trveleg med besøk, men like artig er det å forme ting av tre, mykje av det dreia. Det aller meste av det han lagar gjev han vekk, både store fat og trekrus, men også fleire fantasifulle figurar lik tussar og troll, inspirert rett ut frå eventyrverda.
Han syner fram noko av det siste han har laga, ein meterhøg dreia sak som skal stå på golvet og med ei lykt på toppen og plass til tre t-lys. Den skal overrekkast til nokon i bygda som har gjort framragande idrettsprestasjonar. Meir vil ikkje Martin røpe.

I august 2016 var Helsetkopen arena for flygande menneske med jetmotor på ryggen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380