Lokalnytt

Populær sommarutstilling i gamleskulen

Utstillinga hadde bilder og tekst om mellom anna både Me-Åkneset og Blomberg.

I juli stilte Gamleskulen aktivitetsmuseum ut deler av Verdsarvstiftinga si bildeutstilling om fjord -og fjellgardar langs Storfjorden. Utstillinga var opa nokre timar over tre dagar og totalt kom 190 personar innom gamleskulen for å sjå.

I gamleskulen på Hellesylt vart omlag halve utstillinga med bilder og tekst om fjord og fjellgardar stilte ut og vist fram for publikum.
Spesielt dei to fyrste dagane i juli kom mange innom, men også siste opningsdag vart besøkt av fleire.

Totalt 190 personar såg utstillinga kan leiar i styret for Gamleskulen aktivitetsmuseum, Arne Ringdal fortelje, eit frammøte dei var godt fornøgde med, seier han.
-Det er tydeleg at Storfjordens Venner og deira arbeid fangar interesse og bør visast fram. Det vi fekk låne i sommar var mest aktuelt for vårt område, frå Sunnylvsfjorden og Geirangerfjorden, men det er ikkje utenkjeleg at noko av utstillinga som ikkje var med denne gongen kan bli stilt ut på gamleskulen seinare, seier Ringdal.

Det var i 1975 at verneorganisasjonen Storfjordens Venner vart skipa og har i alle år etterpå saman med eigarar og private restaurert og teke vare på store og små bygg i Storfjord-området.

Utstillingskassettane som vart lånt ut til gamleskulen på Hellesylt er no frakta tilbake og sett på plass på biblioteket i Storfjord kulturhus.

Leiar i styret for gamleskulen på Hellesylt, Arne Ringdal er godt fornøgd med besøket utstillinga fekk, nesten betre enn dei hadde forventa, seier han.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380