Lokalnytt

Seniornett Stranda tilbyr digital kursing

Seniornett Stranda startar opp med kurs og opplæring i nettbruk måndag 5. september. Her frå kurst på Hellesylt i 2016. På bilde frå venstre; Elsa Hovde, Anne Marie Stokke, Aud Tomasgard Berstad og Solveig Helset.

Seniornett Stranda og Stranda frivilligsentral inviterer til kurs og opplæring i nettbruk for eldre. Måndag 5. september blir fyrste kursdag og seinare blir det fire til.

-Dersom du ønskjer å lære deg meir om bruk av PC, nettbrett, mobil og ulike funksjonar og tenester knytt til desse er Seniornett noko for deg.
Det skriv Stranda frivilligsentral på nettsida si. Dei arbeider tett med Seniornett Stranda om kursing i databruk for eldre, og unge.

Solveig Helset jobbar tett opp mot Seniornett Stranda og kursa som blir arrangert. Fyrste samling blir måndag 5. september på Stranda, seier ho.

-Vi held til i Lions lokale i Byrg-bygget med inngang frå Kyrkjegata 23. Kurset er frå klokka 11.00 til 13.00 og er gratis og ope for alle, men vi tilbyr gjerne ei enkel servering og då kostar det nokre kroner, kanskje ein femtilapp.
Ein treng ikkje vere medlem i Seniornett Stranda for å delta, det er berre å møte opp for den som har lyst, presiserer Solveig Helset. Ho bur sjølv på Hellesylt og håper det kjem nokon derifrå også på kursa.

Deltakarane må ta med seg eigne digitale verktøy, for på kvart kurs blir det teke opp eit aktuelt emne som deltakarane får øve på. Det blir lite teoretisk undervisning, men meir praktisk bruk med rettleiing ved behov, seier ho.
-Måndag 5. september skal vi ta for oss og lære om den nye bank-ID. Dei fleste har med seg mobilen når dei er ute og reiser og med den kan ein utføre mange tenester. Før måtte ein ha med seg ei kodebrikka, men no treng ein ikkje den lenger med den nye bank-ID-appen. Dette vil vi prate meir om på fyrste samlinga i september.

Solveig Helset fortel at seinare i haust skal dei ta for seg Helse-norge sine digitale tenester, det blir om innlogging med kodebrikke, og til sist i november blir det ei samling med litt oppfrisking av alle temaer gjennom hausten. Ho håper mange kjem, at dei nyttar seg av tilbodet frå Seniornett Stranda.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380