Lokalnytt

Siger i ny årsklasse

Sunnylven IL gutar møtte Ørskog i fyrste heimekamp på Hellesylt stadion tysdag kveld. Ein spanande kamp med tøffe duellar enda med heimsiger 5-3 etter 2-2 ved pause.

Av Eivind Louis Helset

Sunnylven  spelar haustsesongen i ei årsklasse høgare enn dei gjorde i vårsesongen. Etter ein vår med til dels store sigrar bestemte Sunnmøre fotballkrets at Sunnylven gutar 13 skulle spele hausten i gutar 14. Haustens fyrste motstandar, Ørskog, spela også vårsesongen i 13 åra klassa. Likeins som heimelaget kom Ørskog på andre plass i si pulje.

Startvanskar

Etter ein litt nervøs start frå heimelaget og ei tidleg scoring frå gjestane allereie etter 5 minutt såg puslespelbitane til å falle på plass midtvegs i kampen. Samspelet var meir på plass og heimelaget sine spelarar kombinerte fint fleire gangar før det gav teljande resultat. På seks minutt gjekk Sunnylven frå å ligge under til å leie kampen etter eit langskot frå Oskar til utlikning og ei breiside frå Sander, fint frispelt av Trym, til leiing 2-1. Men leiinga heldt seg berre i to minutt før bortelaget sendt av garde ei lompe som enda i mål. Dermed stod det 2-2 til pause, eit resultat som var heilt rettferdig.

Rett i leiing

Publikum hadde knapt fått sett seg og dommar Per Helge Liset blåst kampen i gang før heimelaget tok leiinga igjen. To minuttar var gått etter pause då Ari dukke opp på ein retur frå keeper.

Heimelaget ville mest og sprang mest i andre omgang. Det gav resultat i fleire frispark. Eit av dei såg ut til å vere innøvd. Kristen spring mot ballen, ramlar, Oskar skyt hardt mot mål og ballen skiftar retning i ein Ørskogforsvarar før den trillar sakte over målstreken, 4-2.

Siger

Corner er mål, heitte det på løkka. I dag var det slik også på Hellesylt stadion. Åleine på bakarste stolpe putta David ballen enkelt i mål, og Sunnylven leia kampen 5-2. Bortelaget sette inn reduseringa til 5-3 fem minutt før pause, men dei kom aldri nærare heimelaget som tok heim sigeren i sin fyrste kamp i haustsesongen.

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380