Lokalnytt

Konsert på Hellesylt med Sigrid Moldestad

Artisten Sigrid Moldestad kjem til Hellesylt og Sunnylven samfunnshus med konsert fredag 30. september. På bildet frå scena ved Øvre Ljøen Amfi i august i fjor.

Artist Sigrid Moldestad, vide kjent for sine flotte framføringar av song og musikk kjem til Hellesylt 30. september. På Sunnylven samfunnshus blir ho å høyre med konsert i ein god time.

Sunnylven Pensjonistlag brukar kvart år å markere FN sin eldredag 1. oktober med arrangement og gode underhaldningskrefter. I år har laget sikra seg av det aller beste innan song og musikk, nemleg Breimsbygda sin berømte artist Sigrid Moldestad.

Feirar ein dag på forskot

På Sunnylven samfunnshus blir det konsert i godt og vel ein time fredag 30. september.
-Moldestad hadde ikkje høve til å møte på FN sin eldredag 1. oktober så difor har vi flytta fram konserten til fredag dagen før.
Det seier leiar i Sunnylven pensjonistlag Astrid Langeland. Ho opplyser at konserten blir klokka 20.00, men før det kan medlemane i pensjonistlaget møte klokka 18.00 til markering av eldredagen og til ei enkel servering.

Alle er velkomne

Konserten med Moldestad er open for alle og billettprisen har laget sett til kr. 300.-. Medlemer i Sunnylven pensjonistlag betaler 200.- . Det løner seg med andre ord å vere medlem.
Om det er andre frå omkringliggande bygder, eller pensjonistar frå andre lag som har lyst å kome på konserten er dei hjarteleg velkomne, seier Astrid Langeland.

Sigrid Moldestad var i Sunnylven i august i fjor under Storfjordens Venner sitt sommarstemne på Ljøen. Konserten i lag med tre andre musikarar vart ei stor oppleving for alle frammøtte.

Imponerte på Storfjordstemne

-Det vart ein magisk konsert av ein multikunstnar med gud-benåda evner, skreiv hellesylt.info den gongen.
Og leiar i Storfjordens Venner, Inge Bjørdal sa det på denne måten då han takka for konserten; -Det er vanskeleg å finne ord, men ubetaleleg heiter det vel.
Sjølv rosa Sigrid Moldestad staden på Ljøen og utsikta, den var berre imponerande, sa artisten som gav ut ei ny plate, «Tonen i meg» i 2021.

Håper på fullt hus

-Vi gleder oss mykje og håper den nyrenoverte samfunnhussalen blir fylt til siste stolrad, seier Langeland og legg til.
-Vi i pensjonistlaget har fleire sponsorar som støttar laget i drifta. Takka vere dei kan vi hyre inn artistar frå «øverste hylle». Vi takkar alle så mykje, men denne gongen Sparebanken Møre spesielt som har støtta konserten økonomisk.

Billettar til konserten kan kjøpast på Stranda bokhandel, og på Joker, Hellesylt. Det blir også sal av billettar ved døra frå kl.19.30 konsertkvelden.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380