Lokalnytt

Spaning for Sunnylven G 14 til siste spark

Sunnylven spela i G13 i vårsesongen, men var så gode at dei rykka opp til G14 i haust. No har dei starta sigersrekka i ei ny avdeling. (Foto frå arklivet)

Med to mål av Ari og eitt av Trym gjekk Sunnylven G 14 sigrande 3-2 ut av møtet mot samarbeidslaget Valder/Vigra/Ellingsøy på Valdervoll. Dette var Sunnylven sin andre kamp i haustserien.

På Valdervoll: Eivind Louis Helset

-Valdervoll stadion var bada i sol, men ein sur vind frå havet gjorde kampen til ein stormfull oppleving. Kampen starta jamnspelt med eit lite press frå gjestane frå fjordane.

Fleire gode sjansar

Dei offansive spelerane til Sunnylven hadde 3-4 avslutningar det fyrste kvarteret, som med litt meir hell hadde gitt teljande resultat. Det gjekk likevel 20 minutt før den fyrste ballen måtte hentast ut frå nettmaskane. Då var det heimelaget som tok leiinga på si fyrste avslutning på mål.

Snuoperasjon

Nokre minutt etter det virka det som om fjellturen dagen i førevegen satt godt i føtene til Sunnylven sine spelarar. Men heile laget samla seg og løfta kvarandre. På to minutter, 25 og 27, snudde kampen til Sunnylven sin fordel. Fyrst viste Trym og Ari godt klikk-klakk spel før Ari skaut frå avstand og ballen gjekk i mål via ein forsvarar. Like etter gjorde Trym Sunnylven sitt leiarmål etter ei fin forsering med fleire driblingar. Dette resultatet stod heile vegen til pause.

Stormfullt

Heimelaget kom sterkare ut etter pause og var nær ved å utlikne Sunnylven si leiing. Når ballen ikkje hamna i mål gav det etterkvart fleire sjansar for bortelaget. Og etter eit kvarter gav forsøka eit nytt mål i protokollen. Kristen spelte Ari åleine med keeper og der gjorde sistnevnde ingen feil. Ein ellers særs god målvakt for heimelaget kunne ikkje hindre skotet frå Ari og gjestelaget auka leiinga til 3-1.

Fire minutt seinare vart det ny spenning i kampen når heimelaget reduserte til 3-2 med 16 minutt igjen på kampuret. Det var likevel ikkje berre heimelaget som skapte sjansar til å lage mål. Sunnylven klarte å ri av stormen, både vinden frå havet og trykket frå heimelaget.

Ein god prestasjon etter overnattingstur med fjelltur dagen i førevegen. Gode prestasjonar, både laget og individuelt er konklusjonen.
Sunnylven sitt lag; Tonje, Johannes, Trym, Ari, Kristen, Sander, David, Oskar

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380