Lokalnytt

Stølen Stabock blir juleøl frå Kinn.

Lars Helge Hanssen vart årets heimebryggar 2021 med ølet han kalla Stølen Stabock.

I november vann sunnylvingen Lars Helge Blokhus Hanssen som er busett på Harøy tittelen som Årets Hjemmebrygger 2021. Ølet var ei mørk type han kalla Stølen Stabock.

Presseskriv.

Vinnarølet var eit mørkt øl av typen dobbelbokk. Som ein del av premien skulle ølet verte brygga hjå eit profesjonelt bryggeri for lansering på Vinmonopolet.
Valet fall på Kinn Bryggeri i Florø og skulle etter planen bryggast på vårparten, men grunna ulike årsaker vart dette utsett til slutten av august. Eigar av Kinn bryggeri, Espen Lote seier at dei hadde planer om å lansere eit nytt juleøl i år, og synes difor at utsetjinga eigentleg passa godt.

Lote er for øvrig kåra til Årets Hjemmebrygger heile to gonger tidlegare før han stifta Kinn Bryggeri. Han har tidlegare uttala at han ynskjer å brygge øl ein vil smake igjen og vonar at årets julebukk er nett det.

Bryggar Krister Romundstad Hopen, Kinn bryggeri

Som heimebryggar synest Lars Helge at det er særs spennande å få oppleve å få brygga profesjonelt. Bryggerisjef Andrew Rathband frå Skottland og brygger Krister Romunstad Hopen frå Kristiansund oppskalerte oppskrifta til kommersielle volum.

Vanlegvis er det mellom 40 og 60 liter som er malen i kjellaren på Harøy, seier Lars Helge Hanssen, men på Kinn er det omlag hundre gongar så store volum. Ølet vert lansert på Vinmonopolet sitt juleølslepp i november.

Bryggerisjef Andrew Rathband frå Skottland kjem med godt juleøl frå Kinn bryggeri.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380