Lokalnytt

Stranda kommune skal få reiselivsplan for heilårsturisme

Med cruisebåtbesøk blir det folksamt på Hellesylt bro for å forevige attraksjon nummer ein, Hellesyltfossen.

Utarbeiding av ein reiselivsplan med satsing på heilårs turisme i heile Stranda kommune er vedteke. Arbeidet skal no starte opp og skriftlege innspel til arbeidet har svarfrist 10. oktober.

Stranda kommune vedtok i april 2020 ein strategisk næringsplan. Eitt av satsingsområda var reiseliv med mål om å lage ein overordna handlingsplan i nært samarbeid med aktørar innan næringa i heile kommunen.
No skal arbeidet starte opp med ein slik plan for heilårs turisme i alle dei fire bygdelaga i Stranda kommune.
Planen må ha tiltak som gjev besøkande gode opplevingar, men utan at det går ut over lokale natur -og kulturverdiar og det som er særeigd for bygdene, heiter det.

Det heiter vidare at; -Ein reiselivsplan for Stranda kommune skal ha status som kommunedelplan og skal ha som formål å styrke heile kommunen som heilårsdestinasjon.

Skriftlege innspel eller spørsmål om planarbeidet kan rettast til prosjektleiar Ellen Fivelstad anten på telefon 412 68 040, eller e-post; post@stranda.kommune.no innan 10. oktober.

Les planprogrammet her (PDF, 2 MB)

Kyrkjevegen og på veg mot Sunnylven kyrkje er alltid full av folk under cruisebåtbesøk

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380