Lokalnytt

Strandaindustriens historie med heimeside

Frå utstillinga i P.I.-bygget

Utstillinga om Strandaindustrien si historie har fått eiga heimeside, www.strandaindustrien.no. I det  tidlegare P.I. -bygget på Stranda er ei unik industrihistorie å sjå to dagar i veke.

Tysdag 16. august kom Strandaindustrien si historie med eiga heimeside på lufta.
Med eit søk på www.strandaindustrien.no får ein opplysningar om det meste kring industriutstillinga i Bankgata 14 på Stranda.
Det var 1. juni i år at utstillinga med produkt frå hundre bedrifter vart opna i eit 600 kv.m. stort lokale. Og lokalet var i det tidlegare P I -bygget, ei bedrift som må reknast som ein av grunnpilarane i ei stolt Strandaindustri-historie.

Heimesida har kontaktinformasjon, byd på eit bildegalleri, på prisar og ikkje minst opningstider.
Framover i august og september er utstillinga opa kvar onsdag og laurdag mellom klokka 13.00 – 16.00.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380