Lokalnytt

Tur til Brandal og Flø

Det nærmar seg tur til Brandal og Flø saman med Sunnylven bygdekvinnelag Turen startar frå Hellesylt laurdag 3. september klokka 10.00 med Ingers Trans.

Sunnylven bygdekvinnelag inviterer til tur til Ishavsmuseet på Brandal og vidare til Flø. Laget håper mange melder seg på og blir med og fyller turbussen. Så langt har Anne Marie Sømoen Frøysa teke mot påmelding frå både damer og menn, men der er framleis god plass i bussen, seier ho.
Det er meldt godt ver på turdagen, potetene kan stå i jorda og vekse nokre dagar til for dei som har det, og hjortejakta går sin gang utan at alle er heime

Så ta telefonen og meld deg på er oppfordringa, det blir ein fin tur seier dei som har vore der før, og prisen er overkomeleg. For som ein ser nederst så får ein både reise, omvising og mat for nokre hundrelappar.

 Sunnylven bygdekvinnelag har sendt oss denne informasjonen om turen;

-Vi køyrer til Brandal der vi får omvisning på Ishavsmuseet Årvak. Vi tek oss god tid
for her er mykje spennande å sjå. Før vi reiser frå Brandal får vi servert middag.

Turen går deretter vidare over Hareidlandet til Ulsteinvik og ut til Flø. Her vert det ein
stopp med kaffirast og litt tid til å puste inn salt havluft (kanskje ein dukkert i storbåra for dei som ynskjer det…) Deretter vender vi nasa heimover og satsar på å vere på Hellesylt ein gong mellom kl 18 og 19.

Vi i Bygdekvinnelaget håpar at mange vil vere med på tur.
Påmelding til Anne Marie Sømoen Frøysa (tlf 98846226) innan torsdag 1. september

 Pris (inkludert busstur, omvisning og middag) :Medlemmar 400 kr / Ikkje medlem 600 kr

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380