Bankkontoret på Hellesylt ope kvar tysdag ut året
Ut 2022 blir Sparebanken Møre sitt avdelingskontor på Hellesylt ope kvar tysdag. Frå 1. januar neste år blir kontoret lagt ned, men vedtaket omfattar ikkje minibanken i turistbygda.
Sparebanken Møre har i dag to kontor i Stranda kommune, eitt på Hellesylt og eitt Stranda. Frå nyttår 2023 blir dei slått saman til eitt på Stranda.
For å kunne levere dei beste tenestene og gi dei beste råda til kundane våre framover, må vi gjere tilpassingar i tråd med kundane sin faktiske bruk av banken. På bakgrunn av dette vil dei to kontora bli slått saman til eitt på Stranda frå 1. januar 2023, skriv banksjef Kjell Martin Ringset, og held fram;
Vil utvikle gode banktilbod
Ringset skriv at ved å samle medarbeidarar med lokalkunnskap og hjarte for lokalsamfunnet til kontoret på Stranda, kan banken utvikle eit enda breiare og betre banktilbod for innbyggjarane både på Stranda og Hellesylt, og samtidig vil den tette og viktige kontakten med kundane bli oppretthalden.
God støttespelar i lokalsamfunnet
-Den lokale kunnskapen og det lokale engasjementet som står sentralt i Sparebanken Møre sin modell skal sjølvsagt vere med på flyttelasset. Du vil framleis ha din eksisterande kunderådgivar, og du treng ikkje å gjere noko i høve denne endringa, skriv Ringset.
Og han legg til at banken vil halde fram med å utvikle lokalsamfunnet på Hellesylt, og bidra med støtte til lag og organisasjonar for å skape aktivitet, glede og trivsel, slik banken har gjort i mange år. Han minner om at fristen for å søke TEFT-midlar til allmennyttige formål er 1. mai og 1. oktober kvart år.
-Ta gjerne direkte kontakt med rådgjevaren din, eller kom innom banken dersom du har spørsmål eller ønskjer ein samtale med oss. Saman skal vi finne gode løysingar for deg. Vi ser fram til eit godt samarbeid vidare, skriv banksjef Kjell Martin Ringset.
Minibanken blir
Når det gjeld minibanken på Hellesylt er ikkje den berørt av vedtaket no.
-Vi har registrert mindre bruk av minibank enn tidlegare. Det er kome nye betalingsmåtar som bakkort og vipps og som blir brukt stadig meir som betalingsmåtar. Men minibanken og moglegheiter for å ta ut kontantar på Hellesylt er ikkje berørt av vedtaket no, seier banksjefen på spørsmål frå hellesylt.info.