Lokalnytt

Basecamp Hotel er utsett eitt år

Gjenopning av gamle Grand som Basecamp Hotel Hellesylt er utsett eitt år, fortel Jan Sverre Sivertsen. Dermed blir også utepilsen i hagen for dei som gleda seg til den eit år forsenka. (Arkivfoto)

Basecamp Hotel Hellesylt skulle opnast til turistsesongen 2024. No er framdriftsplanen for prosjektet endra og utsett eitt år.

-Med bakgrunn i at vi har «mista» eit halvt år mellom anna på grunn av lang reguleringsprosess, og at vi i tillegg har mange andre prosjekt på gang i konsernet, er det vedteke å utsetje Basecamp-prosjektet på Hellesylt eitt år.
Det skriv dagleg leiar i Basecamp Hotel Hellesylt, Jan Sverre Sivertsen i ei melding på spørsmål frå hellesylt.info

Skulle starte opp i haust

Så seint som i mars i år var byggestart for det nye hotell på Hellesylt sett til hausten 2022 og med opning juni/juli turistsesongen 2024. Men å få vedteke ein detaljert reguleringsplan for området til Basecamp Hotel, Hellesylt har drege ut i tid grunna fleire kommentar og motsegner. No går det mot at reguleringsplanen blir vedteken. Litt underleg at så mange problem skulle dukke opp kring hotelprosjektet på Hellesylt, at næringsutvikling i distrikta skulle bli pålagt mange spesielle krav.

Prioriterer andre prosjekt

Jan Sverre Sivertsen i Basecamp Hotel Hellesylt forstår at dette er ei kjedeleg melding å få for fleire, men legg til at leiinga må fyrst og fremst prioritere prosjekt som alt er i drift eller under bygging for ikkje å miste momentum.

Flakk Gruppen gjer no heilt ferdig og avsluttar forprosjektet for Basecamp Hotel Hellesylt slik at det blir lett å ta det opp igjen, skriv Sivertsen og legg til;
-Ein utsettelse vil også gje oss tid til å kna prosjektet enda sikrare på å treffe rett i markedet.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380