Lokalnytt

«Boklansering over all forventning»

Line Storstein hadde det travelt med å skrive helsingar i diktboka si som mange ville kjøpe på Hellesylt laurdag.

Line Storstein vaks opp i Sunnylvsbygda på Hellesylt. Mykje av sitt vaksne liv har ho budd på Lillehammer og som femti-åring nyleg kom ho ut med si fyrste diktbok ho kalla «Ord Til Deg».

Line Storstein er utdanna som barnehagelærar og har jobba som pedagogisk leiar ved Lundgårdsløkka barnehage på Lillehammer dei 12 siste åra.
Vi får inntrykk av at ho trivast godt og kan bli der i mange år enno.

Som elev ved Sunnylven skule på Hellesylt lika ho godt det skriftlege faget. Læraren var Kjell Runde og litt Anne Marie Holmøyvik, fortel ho. Når vi spør om ho alt då forma seg til fine karakter røper ho at det vart mange mg-ar, ja også sg i karakterboka.

-Skrivinga har følgd meg alltid, heilt til eg opplevde eit samlivsbrudd. Då vart det ei vanskeleg tid, seier ho. Men alt går seg til og på Lillehammer har ho to kjekke gutar i lag med seg, den yngste fortsatt i ten-åra.

Det gjekk ei tid då blokk og penn låg i ro, men for to år sidan tok ho fram den gamle gode hobbyen sin igjen, fortel ho.
-Etter kvart vart det mange nye, små dikt så eg tok kontakt med eit forlag om eg kunne få gje dei ut i bokform. Og to dagar før 50-årsdagen min ringde forlaget og sa at det skulle bli bok. Då vart eg glad, for no er 60 dikt samla i ei bok på like mange sider og med 20 bilder som eg har fotografert sjølv, mange frå Hellesylt.
Framsida er illustrert med eit bilde frå Mesnaelva på Lillehammer der eg er å padlar så sant eg har tid, seier Line Storstein.

Og padling gav ho seg ut på også i sommar då ho var på Hellesylt på ferie.
-Eg skulle padle i Bygdaelva frå Frøysa og nedover, men det vart forferdeleg, mykje verre enn det rolege vatnet eg var vand med frå Mesnaelva. I Bygdaelva er det mykje straum i vatnet og då eg kom levande til Hauge bestemte eg meg for å kome meg i land.
Det gjekk bra, men det var litt meir utfodrande enn eg var vande med.

På spørsmål om det blir fleire bøker røpar ho at ho har mykje godt stoff liggande alt, så det blir det, kanskje alt innan eit par år.

Her er det Heidi Melvoll Hauge som får helsing av Line i boka si.

Laurdag 24. september fekk ho bruke pennen mykje igjen. Då var Line i heimbygda og selde boka si med ei helsing og egen signatur inni. På Boutique & Bar var det fullt av folk som kom og gjekk heile tida, og alle fekk seg bok og eit venleg smil frå den ferske diktaren.

Og kva handlar dikta til Line? Ho vil at innhaldet i dikta skal ha eit budskap og håp i seg.
-Eg skildrar det uperfekte livet, feil og problem, glede og sorg. Eg prøver å trøste, oppmuntre, få folk til å forstå at ingen er åleine, det er mange i den same båten, men livet går vidare for båten flyt.

Line Storstein har også eit medfødt instrument i si songrøyst. Vi har høyrt henne synge før og fekk høyre det igjen på Hellesylt Boutique & Bar. Eit strålande innslag. Det same kan seiast om boklanseringa i heimbygda vil vi tru. Forfattaren var i alle fall fornøgd.
-Det vart over alle forventningar, sa ho.

Gå inn på facebook-sida til Hellesylt Boutique & Bar. Der kan ein sjå frå boklanseringa, og høyre Line synge.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380