Lokalnytt

Fann død grevling på Storstein

Ein ung grevling vart funnen død like ved vegen i Sunnylvsbygda.

Ein død grevling vart funnen på Storstein torsdag denne veka, like ved vegen i Sunnylvsbygda,

Det var skuleelevar som venta på skuleruta som fann dyret torsdag morgen. Grevlingen var eit ungt ho-dyr, ca. 50 cm. lang hadde ikkje synlege skader.
Så vidt hellesylt.info kjenner til er grevling ikkje blitt observert i Sunnylvsbygda før. Kor grevlingen er komen frå og kva som har skjedd er heller ingen som veit.

No spør fleire seg om det er nokon i nærleiken som eig og saknar ein grevling, har sett ein grevling eller køyrd på den. Den er funnen død på Storstein, og den vil snart få si grav i området der.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380