Fekk tildelt miljøfyrtårn-bevis.
På starten av kommunestyremøtet i Stranda i september vart to bedrifter, Fjord Nature og EL24 tildelt Miljøfyrtårn-sertifisering, eit bevis på at dei har oppfylt mellom anna HMS-reglane.
Det var Helge Kvam Karbø i Fjord Nature og Hans Oscar Molvær frå EL24 som mottok plakettane og blomser, overrekt av næringssjefen i Stranda Inge Bjørdal og ordførar Jan Ove Tryggestad.
Fyrst ut var Karbø som fortalde om selskapet som driv naturguiding året rundt. Naturopplevingane er alt frå pasling på fjorden, sykling til toppturar vinter som sommar.
Inn i Flakk Gruppen
Selskapet Fjord Nature starta Helge Kvam Karbø for tre år sidan. I dag er det tre heiltid tilsette og 6 – 7 som arbeider på deltid i selskapet som stadig veks utover. I oppstarten var det Sunnylven, men no er aktiviteten over store deler på Sunnmøre.
Og dei kjem til å bli større. Tidlegare i år gjekk Fjord Nature saman med Flakk Gruppen AS.
-Saman skal vi presentere Sunnmøre, men også andre deler av landet sine naturherlegheiter for eit stort og veksande marked. Så dette er berre starten, for saman med Flakk Gruppen har vi skyhøge ambisjonar om å vise oss fram, seier Helge Kvam Karbø.
Betyr mykje
Vi møter Karbø på kontoret på Hellesylt der han jobba med vedlikehald på utstyr og oppsummerer etter ein god sommarsesong.
-Både norske og utanlandske naturelskarar har oppdaga oss, det vart ein flott sommar med mykje å gjere.
Å få i hus beviset som Miljøfyrtårn betyr mykje. Vi har gått gjennom ein prosess, og det fortel at vi har oppfylt krava i HMS (helse, miljø og sikkerheit), og det fortel at bedrifta har eit godt arbeidsmiljø. Det vart godt oppfylt av oss, seier han.
Takka for støtta
Saman med Hans Oscar Molvær frå EL24 var dei to i kommunestyret og tok mot overrekkinga.
Karbø takka kommunen for den økonomiske støtta selskapet hans hadde fått, både under oppstarten og seinare.
Til sist kom han med eit ønskje til dei folkevalde der han håpa kommunen kunne støtte unge grynderar med både råd og økonomisk i framtida.
-Om ei skal få til eit oppegåande reiseliv er ein avhengig også av dei små, sa Helge Kvam Karbø.