Ferdig med sommarjobben

Lucie Sankova kjem frå Praha i Tsjekkia og har gått skule i Ålesund. På slutten av sommaren har ho jobba for opplevingsselskapet Bonseye med å selje rib-turar på Verdsarvfjorden.
Fredag 30. september var siste dag på jobb i Geiranger for Lucie Sankova denne sommaren. Der har ho på slutten av sommaren teke mot tingingar på rib-rurar for Bonseye, ein jobb ho har lika godt, seier ho.
Gjennom sommarjobben har ho møtt folk frå alle kantar av verda og prøvd seg på mange språk.
Dette var ein jobb ho godt kunne ha tenkt seg også neste år, seier Lucie.
Lucie kjem frå Praha i Tsjekkia og har gått skule ved NTNU i Ålesund. Ho er ferdig med sin batchelor og skal ta fatt på ei masteroppgåve i internasjonal turisme.
Ho bur i Ålesund og søkjer no etter ny jobb for å tjene pengar. Ho vedgår at ho ikkje er så god i norsk enno, men prøver å lære språket betre.