Fotodagar i Storfjord kulturhus
Laurdag 15 og søndag 16 oktober inviterer Stranda fotoklubb til Fotodagar i Storfjord kulturhus. I år er det tiande gongen at det årlege arrangementet blir halde.
Stranda Fotoklubb har hatt årlege fotoutstillingar sidan 2013.
Klubben vart stifta i 2010 av Svein Gulbrandsen som også var leiar i mange år, heilt fram til Kristbjørg Bjørndal overtok. I 2022 vart Karsten Helstad leiar.
Stranda Fotoklubb har i dag 41 medlemer, men ønskjer seg fleire. Det skriv leiar Karsten Helstad i ei orientering om klubben og invitasjon til fotodagane som blir sendt rundt til alle bygdelag i nærleiken..
Også ivrige fotografar frå Sunnylven har vore medlemer, men siste året er det ingen. Det håper Stranda fotoklubb blir ei endring på, for alle er velkomne.
Det sosiale blir også sett høgt med medlemsmøter tredje onsdagen i kvar månad. Då er det samling på Stranda bakeri, der medlemer av klubben har utstilt foto for sal. Klubben legg også ut på fototurar eit par gonger for året, les vi.
Årets utstilling i kulturhuset består av 58 bilete av 20 fotografar. I tillegg er der 17 bilete frå gruppearbeid frå kurs i klubben. Siste året har gatefotografering, kreativ fotografering, og bli kjent med dittkamera vore tema.
Barnehagane i Stranda kommune er representert også i år med sine blinkskot, opplyser Karsten Helstad.
I samband med bildeutstilling blir det også høve til å handle både i kafeen og det blir sal av diverse fotoutstyr med meir.
På søndag 16. oktober blir det eit kulturelle innslag frå songkoret «Kor Nøye» som held minikonsert klokka 14.00, står å lese i skrivet frå Stranda fotoklubb..