God oppslutning om kurs i drenering
Norsk Landbruk Nordvest vil i løpet av hausten halde ei rekke kurs i Møre og Romsdal der temaet er drenering av jordbruksareal. Fyrste kurset vart halde på Hellesylt laurdag med god deltaking.
Som oftast regnar det mykje i Møre og Romsdal, noko som øydelegg avlingar og gjer det vanskeleg for bonden å hauste inn. Difor er god drenering av åker -og grasmark viktig, ikkje berre for å få gode avlingar, men også for å hindre utslepp av klimagassar.
Det sa avdelingsleiar på agronomi i Norsk Landbruk Nordvest (NLR), Gunnhild Overvoll då hellesylt.info fekk ein prat under kurset.
Laurdag var Overvoll til stades på Hellesylt der 14 aktive bønder var samla til kursing. Det var gledeleg godt frammøte og at deltakarane kom frå eit stort område på nordvest-landet, Nerlandsøy, Hornindal, Sunnylven og Stranda viser at interessa for slike kurset er stor, sa Overvoll.
Ut over hausten blir det halde ei rekke liknande kurs i heile fylket.
Sjå oversikt på lenke til Landbruk Nordvest nederst i artikkelen.
Det var landbruksrådgjevar Jon Geirmund Lied som hadde det meste av orienteringa på kurset, til ei forsamling med mykje erfaring frå jord -og grasproduksjon.
I vår prat med Gunnhild Overvoll kjem vi inn på kva deltakarane har vore innom.
-Det vart mange «våtsame» problem som vart drøfta der ein diskuterte for å få fram dei beste løysingane. Største vanskar er det der alt er flatt og der ei elv svingar seg fram i landskapet med høg grunnvasstand. Løysingar slike stader kjem ofte i konflikt med andre etatar, til dømes med NVE om ein ønskjer å senke elva.
Det blir også i enkelte tilfelle vurdert å lage «bulkete» flater, grave opp jord som ein hevar andre områder på flata. Vi ofrar då litt avling i dei lave partia og får meir der flata er heva.
Drenering er viktig også i eit klimaperspektiv, sa Gunnhild Overvoll, då våte parti slepp ut meir klimagassar enn tørre flater. God drenering er viktig for miljøet så difor er kursprisen støtta av miljøavdelinga i fylket.
På kursa blir det sett på støtteordningar, og det var gjennomgang av utarbeiding av dreneringsplan for eit areal.
Deltakarane på kurset på Hellesylt fekk seg servert nydeleg spekemat med masse anna godt til, også det eit resultat av gode avlingar etter god drenering, vil vi tru.
Sjå oversikt over stader for kurs i drenering i Møre og Romsdal
Dreneringskurs i haust | Landbruk Nordvest (nlr.no)